
I år kjem Olav's Menn og vikingskipet Åsa! Kviteseid bygdetun vert omgjort til ein yrande marknadsplass med aktivitetar for folk i alle aldrar.
På tunet vert det salsbodar og handverk som t.d. plantefarging og korgfletting. Her kan du vere med på vikingleik, høyre musikk frå vikingtida og prøve deg på bogeskjoting eller runerissing. Johannes stiller med eiser og dei som vil (over 13 år) kan få prøve å forme metall med eigne hender ved bruk av tradisjonelle teknikkar. Det vert høve til å teste deg på hesteryggen - sjølvsagt utan sal:-) Den gamle steinkyrkja vert open og arrangementet avsluttast der med ein konsert.
Årets utstilling i Utsondhalli vert offisielt opna og utstillar Anders Kvåle Rue fortel om kunsten sin. Det vert salsutstilling med viking som tema.
Sal av mat - Vikingburger frå Fjellgardane, kjøtsuppe, kaffi og sveler.
12:00 Bjørn ynskjer velkomen til aktivitetar på tunet og tar oss med ned til Kauphamar for å møte vikingskipet Åsa når ho nermar seg. Det vert ombordstigning for dei som ynskjer.
14:00 Opning av utstilling
15:30 Konsert i Kviteseid gamle steinkyrkje. "Hallvard med vener framfører musikk, kultur og liturgi frå vikingtid og middelalder"
Flott om du stiller i tidsrette klede og tak gjerne med deg stol.
Det er gratis inngang til alt, men me tar kr 100,- for parkering.
Arrangementet er støtta av: Telemarkskanalen Natur og kulturpark
Vel møtt!
| Kviteseid bygdetun (28 Jun 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Søndag | 12:00 | - 16:00 |
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…