Om

Me har eit aktivitetsområde på museet der unge og gamle kan leike seg inn i historia. Sentralt i parken er ein 105 meter lang vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser og kopiar av dei historiske båtane. Her kan du sluse brynestein, tømmer og turistbåtar frå Dalen til Skien og attende. Du kan leige modellbåt på museet, eller ta med din eigen (ikkje fjernstyrt).

Me har vidare ein stor båt for klatring og moro, Dalen Hotel i miniatyr og kraftstasjon som viser korleis Telemarksvassdraget også produserer straum.

Parken byr og på andre aktivitetar for heile familien. Her finn du ein husmannsplass med fleire bygningar og ei smie. Du kan prøve deg på lafting, runerissing eller skyte med pil og boge. På visse dagar i høgsesong kan du oppleve forskjellige handverkstradisjonar som spikking, farging av garn, spinning, smiing og mykje meir. Sjå vår arrangementskalender for meir informasjon.

Parken er open med slusing og aktivitetar midtsommars. Det skal løysast billett i resepsjonen på museet.

Velkomen til ei museumsoppleving utanom det vanlege!