Bjørgefjell er ein av våre mest populære toppturar med sin spektakulære utsikt over heile Seljord. Til Bjørgefjell kan du velje ulike turstiar i kulturlandskapet. Du kan velje å starte ved Reinstaul i Grunningsdalen eller starte ved Seljord camping. Veljer du å starte frå campingen er turen noko meir krevjande og lenger. Nedre del av løypa er middels gradert, medan turen opp til toppen på Bjørgefjell er utfordrande og bratt. Skilting og merking er ikkje optimal, så ber deg om å følgje med på merking undervegs.
Praktisk informasjon
Om turen
Turen startar ved parkeringa ved Reinstaul, langs vegen opp mot Bjørge. Her kan det vera noko begrensa med parekring så parker i ei lomme langs vegen slik at du ikkje sperrar for trafikk. Frå parkeringa følgjer du ein traktorveg som etter kvart går over til sti. Når stien byrjar så startar stigninga mot toppen. Nokon parti er svært bratte, så ta deg god tid. Stien er godt merka, men ver merksam på at det kan ligge sno til langt ut på våren.
Alternativ rute:
For ein meir krevjande og lengre tur kan du starte frå Seljord camping. Stien er bratt og ikkje så godt merka, så ver merksam på skilting og merking. Ha gode sko og ta med deg godt med drikke.
Slik kjem du deg til Bjørgefjell
Køyr frå turistinformasjonen i Seljord sentrum og følg austover på E134 til du kjem til avkøyring mot Grunningsdalen. Følg grusvegen nokon km opp til du kjem til parkeringa ved Reistaul. Her startar stien.
Hvis du vil starte ved Seljord camping kan du parkere bilen din her og gå til toppen.
Kart finn du på Seljord camping, turistinformasjonen i Seljord eller ved å laste ned Finturappen!
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Tuddal bygdetun er et idyllisk tun som ligger i Hjartdal kommune. Her kan du bli bedre…