For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Hamaren Aktivitetspark

TypeVandring

3870, Fyresdal

Legg Hamaren Aktivitetspark til i reiseruten din.

Hamaren Aktivitetspark
Vanskelighetsgrad
lett 
Lengde
lengde i km2.4 km
Tid
1 time 
Passer for
Eldre 
Terreng
asfalt 
grus 
Sesong
mai - oktober 

Om

Velkomen til Hamaren Aktivitetspark!


Her i Hamaren er det høve til mange ulike aktivitetar, og vi håpar at flest mogleg vil trivast i dette flotte friluftsområdet.


Universell turveg

Det beste utgangspunktet for den universelle turvegen er ved Kafe Teisner og Fyresdal Næringshage, nedom kyrkja i Fyresdal sentrum. Vegen gjeng langs vatnet, forbi Munkhola, før ein kjem inn på ei trebru konstruert som ei tømmerrenne til minne om fløytningstida i Fyresdal. Vegen går så vidare på ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt, før den igjen går over i ei tømmerrenne i retning utekjøkkenet og grillhytta.

Vegen går nordover mot Grunnviksbukta langs vatnet og du kan velje når du kjemt til utekjøkkenet om du vil skrå over til Gimle skule og kanskje ta ein tur til toppen av Hamaren. Om du vel å gå rett fram kjem du til ein flott platting i vasskanten og til grillhytta lengst nord i Hamaren. På vegen sør igjen fylgjer ein asfaltert veg forbi Gimle skule og barnehagen, mens ein kjem inn på grusa veg igjen forbi Klokkargarden og tilbake til Kafe Teisner.

Langs vegen vil ein finne bord og benkar tilrettelagt for ein hyggeleg rast.

Heile turvegen er universelt utforma og passar for alle brukargrupper. 
Total lengde ca. 2,4 km. Terreng: Lett. Gangtid ca. 45 minutt.
I tillegg til rundløypa er det mange stiar på kryss og tvers i Hamaren. 
Turvegen til Klokkarhamaren, den høgaste toppen i Hamaren (343 moh), er grusa. 
Dei mest bruka stiane er skilta og merka av på kartet.

Rasteplassar
Undervegs kan du nyte nista eller lage din eigen mat i grillhytta eller i utekjøkkenet. Nyklar til grillhytta kan lånast på sentralbordet til Fyresdal kommune. Du kan og bruke bålplassen på toppen, Klokkarhamaren. Hugs å ta med ved. Elles er det fleire fine plassar å stoppe for å ta ein rast og ete niste, eller berre kvile og nyte utsikten.


Sykkelløype
Midt i hjartet av Hamaren ligg ei flott sykkelløype bygd av Bike Solutions frå Frankrike. Løypa er retningsstyrt, du syklar opp ein veg og ned ein annan. Løypa er skilta og det er viktig at alle fylgjer skiltinga. Løypa passar for alle og er gradert som ei blå løype. 
Frå den blå løypa går det ein avstikkar som er gradert som raud løype. Dette er ein nedfart som er for dei med litt meir erfaring. Løypa er bygd av elevar på Gimle skule etter instruksjon frå Bike Solutions. På toppen av sykkelløypa har elevane laga benkar og bord for ein rast.


Natursti
Her i parken kan du lære meir om lokalt dyre- og planteliv, treslag, historie og eventyr gjennom flotte naturstiskilt. Skilta er tilpassa barnehageborn og småskuleelevar, men alle og ein kvar kan lære litt av dei. Plasseringa er på stader som passer til tema, nokre nær turvegen, andre eit stykke ifrå. Kartet viser kvar dei ulike står. Langs turvegen og stiane finn du små piler som viser deg vegen.

Fasiliteter

Handikap

  • delvis tilgjengelig for rullestolbrukere

TripAdvisor

Kart

Avstander

Kontakt

35 06 71 00

Også i nærheten

  1. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    29.87 km Unna
  2. Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    36.30 km Unna
  3. Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    38.40 km Unna