For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

EN

NO

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

TypeVandring

3880, Dalen

Legg I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg til i reiseruten din.

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

Om

Krevjande tur spekka med kultur og historie.

Turen startar på steintrapp frå Dalen sentrum opp til Rui, du ser starten på trappa over vegen for Dalen B&B. Sherpaer frå Nepal har bygd denne vakre trappa, og steinen du går på er brynestein! Brynestein frå Eidsborg er Noregs eldste eksportprodukt, frå vikingetid fram til 1950 blei millionar av bryner frakta ned vassdraget (Telemarkskanalen) og ut i den store verda. 

Du kan også gå frå Lastein Bryggje (Dalen). På bryggja legg båtane på Telemarkskanalen til, her er det flott utstilling med naturfoto og servering på Lastein Bryggjekafe. God plass til parkering både på bryggja og i sentrum, i sentrum anten ved Coop eller oppe ved turistkontoret.  

Går du frå Dalen sentrum bør du få med deg Rui-jentene som om sommaren står utanfor turistkontoret. Dei er avbilda i full storleik – om lag 1.20 meter høge. Turistkontoret har turbrosjyre og gode turtips, velkommen innom! 

I løpet av turen får du med deg fantastiske utsynspunkt og historiske stader som Riarhamaren og Rui. Informasjonstavler og tilrettelagde kvileplassar undervegs. 

Ta deg god tid opp liane. Ser du etter, vil du finne ein spanande flora med innslag av mange varmekjære planter.

Har du Eidsborg som mål kan du avslutte dagen med eit besøk på flotte Vest-Telemark Museum og museumskafeen. Her ligg óg ei av landets minste og flottaste stavkyrkjer, Eidsborg Stavkyrkje. 

Har du framleis att energi vel framme i Eidsborg kan du ta ein tur opp i dei kjende brynesteinsbrota. Historia om «Brynestein frå Eidsborg» er skildra inne på museet.

Turfakta:

Tilgjengeleg:  april – oktober 

Turkart: Tokke 1 : 50000

Lengde: 1,5 / 5,5 km

Gradering: Raud 

Totale høgdemeter: 468

Skotøy: valfritt

Høgaste punkt:  Eidsborg 540 moh

Les meir:  Boka om Rui-jentene er til sals på turistkontoret.  www.visitdalen.com

http://telemarkshistorier.no/historie/eventyret-om-rui-sostrene/

Vandretur – «I Rui-jentenes fotspor» med overnatting på Dalen Hotel!  

Frå kr 2335,- per person/natt i dobbeltrom

Inkludert i pakka er overnatting på Dalen Hotel, inngangsbillett på Vest-Telemark Museum og 3 rettars middag, frukost og afternoon tea (kl 13.00-15.30).

Pakka er tilgjengeleg gjennom heile sesongen. 

https://www.dalenhotel.no/hotellpakker/rui/

 

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - 5.5 km

Gradering

  • krevende

Målgruppe

  • Familie med barn
  • Voksen

Natur og terreng

  • bratt
  • kulturlandskap

Sesong

  • april - oktober

Varighet

  • 4 timer

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Køyreskildring:

Turvegen startar på steintrapp frå Dalen sentrum, ovanfor vegen ved Dalen B&B. Parkering ved Coop eller oppe ved turistkontoret. 

Du kan også parkere nede på Lastein bryggje (Dalen) og gå derifrå. 

Om du kjem langs E-134 frå aust, ta av i Høydalsmo og fylg Fv.45 til Dalen. Dalen Bryggje ligg på venstre hand i det du kjem ned Eidsborgberget. Etter om lag 500m kjem du til Dalen sentrum. Frå Vrådal og Åmot langs Fv.38 til Dalen: Du kjem fyrst til innkjøringa til Dalen sentrum, så får du Dalen Bryggje på høgre hand etter om lag 500m.

God plass til parkering både ved Dalen Bryggje og i Dalen sentrum.

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    407 m Unna
  2. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    5.92 km Unna
  3. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.93 km Unna

Se også

Rui-plassen, TokkeDen kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

Ikke gå glipp av