Utforsk Telemark

EN

NO

Eva Bull Holtes Museum

  1. Eva Bull Holte blei fødd 15. januar 1922 og døydde 15. februar 1993, ho er gravlagd i Åmotsdal. På 1950-talet kjøpte ekteparet Holte husmannsplassen Sneie i Åmotsdal. Der samla dei etter kvart fleire, gamle, lafta hus i tillegg til dei som sto der frå før av. Eva Bull Holte fann motiv både ute i Europa og heime i Norge. I dei siste åra var det Telemark og særleg fjellheimen i Åmotsdal som gjekk att i bileta hennar.
  2. Våre opningstider
    Opningstider: 16. juni - 11. august 2024 Ope kvar dag kl. 11.00 - 18.00
  3. Gjesteutstillar 2024
    Morten Slettemeås: Daylight Hours.
  4. Handverkstunet 2024
    Handverkstunet viser skiftande utstillingar med fokus på lokalt handverk. Borghild Telnes og Gry Marie Grindbakken: Ein skog av trådar. Handverksutsal med varer frå husflidverkarar frå Telemark og lokalt handverk frå Åmotsdal og omegn.

Tradisjon og kultur

Skorigrendi i Åmotsdal har ei fargerik soge difor kan ein trygt seia at Sneie og Eva Bull Holtes Museum ligg på kulturhistorisk grunn. Her finn me dei gamle gardane Skori, Haugan, Kultan, Holtar og Groven, som husmannsplassen Sneie er skilt ut i frå. Dei ligg litt opp i liene og ringar inn den flate, fine dalbotnen. 
 
  1. Skorigrendi i Åmotsdal har ei fargerik soge difor kan ein trygt seia at Sneie og Eva Bull Holtes Museum ligg på kulturhistorisk grunn. Her finn me dei gamle gardane Skori, Haugan, Kultan, Holtar og Groven, som husmannsplassen Sneie er skilt ut i frå. Dei ligg litt opp i liene og ringar inn den flate, fine dalbotnen. På 1950-talet kjøpte ekteparet Holte den gamle husmannsplassen. Der samla dei etter kvart fleire, gamle, lafta hus i tillegg til dei som sto der frå før av.
  2. Torhild Grøstad og Knut Flatin, kuratorer ved Eva Bull Holtes Museum.
    Frå 2009 har Knut Flatin og Torhild Grøstad, to profesjonelle kunstnarar frå nærområdet, vore kunstfaglege rådgiverar for museet.
  3. Har du spørsmål? 
Kontakt oss gjerne.
    Adresse: Åmotsdalsvegen 1606, 3844 Åmotsdal Dagleg leiar Sissel Haugan: 97 52 91 11 I museets opningstider: 41 45 14 00
  4. Presse og media
    Her finner du forskjellige medieoppslag om Eva Bull Holte.
  5. Omvisning
    Me tilbyr omvisning til grupper utanom opningstid.

Eva Bull Holtes kunst

Eva er mest kjend for sine landskapsmåleri med ein stram og fast komposisjon og ein begrensa fargepalett. Ho fann sine motiv både ute i Europa, i Danmark, Storbritannia, Spania, og heime i Norge. I dei siste åra var det Telemark og særleg fjellheimen i Åmotsdal som gjekk att i bileta hennar.
 
 
  1. Måleri
    På denne sida finn du eit utval av Evas måleri med tittel og årstal.
  2. Teikningar
    På denne sida finn du eit utval av Evas tekningar med tittel, årstal, størrelse og teknikk.
  3. Grafikk
    På denne sida finn du eit utval av Evas grafiske arbeid med tittel, årstal og teknikk.

Ikke gå glipp av