For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

EN

NO

Soria Moria Sauna

TypeArkitektur

Markensvegen, 3880, Dalen

Legg Soria Moria Sauna til i reiseruten din.

Soria Moria Sauna

Om

Soria Moria er eit kunstverk av ei badstoge – blinkande som eit smykke i Bandak!

Book badstoga her! 

Om Soria Moria

Soria Moria er den første installasjonen i prosjektet «Vannvegens fortellingar» som er inndelt i 6 delar der kvar av kanalkommunane skal få sitt verk. Det er Telemarkskanalen regionalpark, saman med kommunane, som står bak prosjektet.

I Vannvegens fortellingar skal kunst, arkitektur og ljos brukast som eit verkemiddel i eit heilskapleg konsept for å løfte fram attraksjonskrafta i landskapet og gjere stadene langs kanalen meir synlege. «Den bærande ideen er at tilreisande og folk som bur i området skal oppleve kanallandskapet på ein ny måte» fortel arkitekt David Fjågesund i Feste landskap/Arkitektur. Fjågesund er ein del av det nordiske designteamet bak prosjektet som også har med ein landskapsarkitekt, lysdesigner og kunstar.

Inspirasjonen til badstoga er henta fra omkringliggande landskap og historie. Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolkning av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggjeskikk og innimellom trespona blinker det av gull.

«Gullsponen refererar til kontrasten som oppsto mellom lågmælte telemarkingar og overdådig utanlands overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800- tallet» forklarar David Fjågesund.

Landskapet rundt vil opplevast som dramatisk anten ein vel å sitje høgt oppe under taket der temperaturen er på sitt varmaste eller på den lågare plasserte benken. Og skulle ein bli for varm, vil ein dukkert i Bandak garantert vere avkjølande!

For alle

Soria Moria skal vere eit samlingspunkt for alle – ein stad for kvile og refleksjon, for møte og samtale. Det vere seg lokalbefolkninga som arrangerar saunakvelder, hotellgjesten som kan rusle i slåbrok gjennom parken, vandraren som kjem ned frå fjellet eller den slitne syklisten etter å ha tråkka oppover kanalen. 

Kor ligg badstoga? 
Badstoga ligg nydeleg til på Dalen i Telemark, ved innsjøen Bandak. Sjå kartet her

Parkering på p-plass for friluftsområde i Markensvegen, så går du ned siste stykket fram til badstoga (200 meter). Parkering for rørslehemma nede ved badtoga etter avtale. 

Kva må ein ha med?

- Handkle, gjerne to

- Badetøy

- Badesandaler eller ullsokkar på vinteren om ynskjeleg  

- Pose til vått badetøy

- Lue til etterpå viss det er kaldt

- Drikkevatn

Kor mange er det plass til?
Soria Moria har plass til maks 15 personar (då er det ein fordel å kjenne einannan godt)

Kva er prisen?

Badstoga kan leigast for 3 timar av gangen.

1-5 personar kr. 250,-

6-10 personar kr. 500,-

11-15 personar kr. 750,-

Drop-in onsdag kr. 50 pr. pers.

Korleis bookar eg?

Du bookar badstoga her 

Booking og avbestilling 12 timar før. Alle tidspunkt og datoar er oppdatert i kalenderen. Når du har booka får du ei stadfesting på e-post der du får meir informasjon om nøkkelhenting og anna praktisk informasjon. Badstoga er open for booking mellom kl. 09.00 og 24.00,  med siste bookbare klokkeslett frå 21-24, bortsett frå onsdag då er den open for booking mellom kl. 09.00-15.00 

Må eg booke til Drop-in?
Nei. Då møter du berre opp. Drop-in i vinter onsdagar kl. 15.00-21.00

Korleis betaler eg?

Når du legg inn bestillinga i bookingkalenderen, betalar du direkte med kort her.  

Viss du kjem på Drop-in onsdagar betalar du kr. 50,- til Vipps nummer 550539 (Soria Moria drop-in) før du går inn i badstoga, eller så kan du legge pengar i nøkkelpostkasse i omkledingsrommet. 

Kor hentar eg og leverer nøkkelen?

Det avtalar me når de har booka tid og tatt kontakt. 

Kan ein drikke alkohol i badstoga?

Ja det er tillatt i moderate mengder inne i sjølve badstoga når du har booka den, men ikkje ute.

På Drop-in dagar er det ikkje tillatt med alkohol i badstoga.

Er det toalett og dusj i badstoga?

Nei. Det er eit sanitæranlegg ca. 200 meter frå Soria Moria, ved parkeringsplass der du går ned til badstoga. Dusj, toalett og handikaptoalett. Nøkkel til anlegget heng inne i badstoga. Heng nøkkel tilbake på plass når de reiser. 

Korleis blir badstoga varma opp?

Badstoga varmast opp av ein Harvia elektrisk badstogeomn med effekt på 33kW. Me sørger for at badstoga er slått på og god og varm til du kjem. 

Sosiale media 

Om du postar bileta dine frå saunaopphaldet på sosiale media og brukar #soriamoria #visitdalen blir me veldig glade, og me kan love deg mange likes! 

Velkommen! 

https://www.facebook.com/visitdalen/

https://www.instagram.com/visitdalen/

Fasiliteter

Deltagere må ta med

  • badetøy

Generelle fasiliteter

  • badebrygge
  • badstue
  • omkledningsrom

Handikap

  • delvis tilgjengelig for rullestolbrukere

Havnefasiliteter

  • gjestehavn
  • sanitæranlegg

TripAdvisor

Kart

Sjekk tilgjengelighet forSoria Moria Sauna (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    367 m Unna
  2. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling…

    435 m Unna
  3. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    457 m Unna
  1. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    705 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    2.43 km Unna
  3. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)…

    2.47 km Unna
  4. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    2.61 km Unna
  5. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    2.64 km Unna
  6. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    3.32 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    5.44 km Unna
  8. Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    7.15 km Unna
  9. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.00 km Unna
  10. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    11.96 km Unna
  11. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.75 km Unna
  12. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.56 km Unna
  13. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    22.46 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av