Soria Moria er no open for booking for inntil 6 personar av gongen!
Presisering av hygienereglar:
- Alle må gjennom dusj/kroppsvask med vekt på håndhygiene før ein går inn i badstoga
- Personar med symptom på luftvegsinfeksjon (hostar eller nys) har ikkje adgang.
- Ha på badetøy og sitt på handkle på benken!
Om Soria Moria
Soria Moria er eit kunstverk av ei badstoge – blinkande som eit smykke i Bandak!
Inspirasjonen til badstoga er henta fra omkringliggande landskap og historie. Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolkning av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggjeskikk og innimellom trespona blinker det av gull.
«Gullsponen refererar til kontrasten som oppsto mellom lågmælte telemarkingar og overdådig utanlands overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800- tallet» forklarar arkitekt David Fjågesund i Feste Landskap/Arkitektur. http://www.feste.no/soria-moria
Landskapet rundt vil opplevast som dramatisk anten ein vel å sitje høgt oppe under taket der temperaturen er på sitt varmaste eller på den lågare plasserte benken. Og skulle ein bli for varm, vil ein dukkert i Bandak garantert vere avkjølande!
For alle
Soria Moria skal vere eit samlingspunkt for alle – ein stad for kvile og refleksjon, for møte og samtale. Det vere seg lokalbefolkninga som arrangerar saunakvelder, hotellgjesten som kan rusle i slåbrok gjennom parken, vandraren som kjem ned frå fjellet eller den slitne syklisten etter å ha tråkka oppover kanalen.
Kor ligg badstoga?
Badstoga ligg nydeleg til på Dalen i Telemark, ved innsjøen Bandak. Sjå kartet her
Parkering på p-plass for friluftsområde i Markensvegen, så går du ned siste stykket fram til badstoga (200 meter). Parkering nede ved badstoga for rørslehemma etter avtale.
Kva må ein ha med?
- Handkle, gjerne to
- Badetøy
- Badekåpe om du har
- Badesandaler/sko eller ullsokkar på vinteren om ynskjeleg
- Pose til vått badetøy
- Lue til etterpå viss det er kaldt
- Drikkevatn
- Lommelykt på vinteren når det blir tidleg mørkt kan vere lurt
Kor mange er det plass til?
På grunn av koronasituasjonen, er Soria Moria kun open for maks 6 personar av gongen.
Kva er prisen?
Badstoga kan leigast for 2 timar av gangen:
1-6 personar kr. 300,-
Korleis bookar eg?
Bestilling og avbestilling 12 timar før. Alle tidspunkt og datoar er oppdatert i kalenderen. Når du har booka får du ei stadfesting på e-post der du får meir informasjon om nøkkelhenting og anna praktisk informasjon. Badstoga er open for booking mellom kl. 08.00 og 24.00.
Korleis betaler eg?
Når du legg inn bestilllinga i bookingkalenderen, betalar du direkte med kort her.
Gåvekort Soria Moria
Ynskjer du å gje Soria Moria tid til nokon du er glad i? Kontakt oss på e-post info@visitdalen.com eller tlf. 35 07 56 56 så ordnar me det for deg!
Kor hentar eg og leverer nøkkelen?
Det vil du få informasjon om på e-post når du har booka tid.
Kan ein drikke alkohol i badstoga?
Ja det er tillatt i moderate mengder inne i sjølve badstoga når du har booka den, men ikkje ute.
Er det toalett og dusj i badstoga?
Nei, ikkje i badstoga, men me har eit sanitærbygg ca. 200 meter frå Soria Moria, ved parkeringsplass der du går ned til badstoga (sjå kart). Her er det dusj med varmt vatn, toalett og handikaptoalett. Nøkkel til sanitærbygget får du saman med saunanøkkelen.
Korleis blir badstoga varma opp?
Badstoga varmast opp av ein Harvia elektrisk badstogeomn med effekt på 33kW.
Me sørger for at badstoga er slått på og god og varm til du kjem!
Sosiale media
Om du postar bileta dine frå sauanopphaldet på sosiale media og brukar #soriamoria #soriamoriasauna #visitdalen blir me veldig glade, og me kan love deg mange likes!
Velkommen!
https://www.facebook.com/visitdalen/
https://www.instagram.com/visitdalen/
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.
Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av "Fotobonden" Jostein Hellevik, og ei…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…