Utforsk Telemark

EN

NO

Julekonsert: Sørleg jul

Rjukanhuset, Storstulgata 1, 3660, Rjukan
Product Image

Om

I denne nye julekonserten møtast tre musikarar med kvar sin innfallsvinkel inn i folkemusikken. Lars Jakob Rudjord og Johanne Flottorp kjem frå kvar sin kant av Agder, medan Anne Gravir Klykken kjem frå Telemark. Dei tre har bakgrunn frå fleire ulike sjangrar, men kjem alltid tilbake til røtene. Saman vil dei presentere ein sjelfull og uhøgtideleg julekonsert som inviterer lyttaren tett på.

I ei lun atmosfære kan publikum finne juleroen. Det blir skjemt og alvor, ljos og mørke, gammalt og nytt, stort og lite - akkurat som jula og livet sjølv.

Med ei blanding av tradisjonelle slåttar, viser, salmar og stev, og nyare låtar og arrangement av trioen, presenterer dei ein konsert med musikk knytt opp mot vinter, solsnu og jul. Konserten vil ta utgangspunkt i julemusikk og tradisjonar frå Sør-Noreg – eit område med ei rik kulturarv når det gjeld både jolesongar og folkemusikk. Denne musikken ber med seg historier og skikkar knytt til jula.

 

Anne Gravir Klykken – vokal, div instrument

Johanne Flottorp – hardingfele

Lars Jakob Rudjord – trøorgel, piano

TripAdvisor

Kart

Sjekk tilgjengelighet forJulekonsert: Sørleg jul (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

Åpningstider

Kl. 19:00 (11 Des 2025)

Sist viste

  1. KawaiiCon 13

    Type

    Andre arrangement

    Det lille connet med det store hjertet inviterer deg igjen til en helg full av moro, kreativitet og…

  2. Julebord på Rjukan Admini Hotel

    Start kvelden med en sprudlende velkomstdrink og nyt vår spennende julebuffet full av klassikere og…

  3. Premiere på filmen "Mannen og Rådyret"

    Tom Larsen fra Heddal har alltid jaktet, men nå er det oftest kameraet han sikter på dyrene med.…

Ikke gå glipp av