
Ottar Kåsa & Johannes Martens: «Grovt og grant»
Sundag 19. april 2026
Nye Sjodar, Evju bygdetun
Konsertstart kl. 19.00
Billettpris 275,-
Tittelen for konserten er inspirert av eit samarbeid mellom Myllarguten og Håvard Gibøen som kalla det for «grovt og grant» når dei spela i oktav til kvarandre – noko Kåsa og Martens vil gjere mykje av i denne i konserten med hardingfele og hardingcello. Kåsa og Martens var medlemmar av ein strykekvintett som framførte tingingsverket «Istem» under Telemarkfestivalen i 2025. I strykekvintetten hadde alle instrumenta understrengar i form av hardingfeler, hardanger d'amore, hardingbratsj og hardingcello. Det som òg var spesielt med denne konserten var at alle instrumenta vart laga av hardingfelespelar og felemakar, Ottar Kåsa. I «Grovt og grant» vil Ottar Kåsa og Johannes Martens utforske samspelet mellom hardingfele og hardingcello yttarlegare.
Spesielt for hardingcelloen er at ho har ei femte, ekstra streng øvst, tilsvarande toppstrengen på hardingfela. Dette gjer det mogleg å spele tradisjonelle slåttar éin oktav lågare, noko som gjev musikken ein suggererande klang som ingen har høyrt før.
Ottar Kåsa er ein tradisjonsberar innan hardingfelespel frå Telemark, og er oldebarn av Myllarguten sjølv. Johannes Martens er klassisk utdanna, men har arbeidd mykje med både folkemusikk og barokkmusikk.
Ottar Kåsa – hardingfele
Johannes Martens – hardingcello
Velkommen!
| Nye Sjodar, Evju Bygdetun (19 Apr 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Søndag | 19:00 | - 21:00 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling fredede arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
Opplev Heddal Bygdetun med 15 historiske bygg fra middelalderen og frem til 1930, unike…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…