Utforsk Telemark

EN

NO

Telemarkfestivalen 2024 | FredagsFOLK

TypeFestival

Gullbringvegen 34, 3800, Bø i Telemark

Legg Telemarkfestivalen 2024 | FredagsFOLK til i reiseruten din.

plakat til "Telemarkfestivalen 2024"

Om

I 2023 var Kroa i Bø arena for det som blei ein tøff og spennande konsertkveld, og Telemarkfestivalen held fram med det som blir ein «svorsk» festaften med fantastisk folkemusikk frå Noreg og Sverige i bygdas storstove. Fredag 9. august vil desse syte for det som garantert vert ein fantastisk konsertkveld på Kroa i Bø: 

EIn billett for heile kvelden! Dørane opnar kl 20:00! 
Kl. 21:00 - Valkyrien Allstars 

Gnistrande samspel frå eit landets beste liveband! 
Me er glade for å ønskje eit av landets beste liveband tilbake til Telemarkfestivalen! Valkyrien Allstars har sidan si første plate i 2007 vore ei leiestjerne i utviklinga av arrangert folkemusikk. Bandet har dratt i nye retningar for kvar plate dei har gitt ut, og har eit heilt eige uttrykk som dei ikkje delar med nokon i heile verda. Det foreløpige siste studioalbumet, «Slutte og byne» vann Spellemannsprisen. Tittelsporet vart raskt nærmast eit mantra for folket frå sør til nord, og albumet vart hylla som eit av dei beste albuma det året! Når dei no kjem tilbake til Bø. ryktast det at dei vil ha med seg ny musikk. Valkyrien Allstars lagar låtar som vert ståande som evig kjærleik og mysterium som aldri vert løyst. Både på plate og live ligg energi, inderlegheit og overraskande vendingar på ei seng av det som vanskeleg let seg simulere: gnistrande samspel.
Medverkande: 
Tuva Syvertsen – vokal, hardingfele, elektronikk
Erik Sollid – gitar, hardingfele, elektronikk
Magnus Larsen Jr. – perkusjon
Martin Langlie - kontrabass


Ca kl 22:30 - Sara Parkman

Banebrytande svensk superstjerne
Svenske Sara Parkman har tatt den svenske folkemusikkscena med storm og rett og slett fått kultstatus innan moderne svensk folkemusikk. Songaren, felespelaren og låtskrivaren utforskar kva det vil seia å vera menneske – med kropp og sjel. Som tredjegenerasjons prestedotter, har Sara den religiøse folkemusikken i botn for alt ho gjer. Ho slo gjennom med albumet «Vesper» i 2019, og følgde opp med, «Eros Agape Philia» i 2022, og «Funeral Folk» i 2023 til strålande kritikkar og eit hagl av prisnominasjonar. Sara Parkman er ein banebrytande folkemusikar som er kjend for både å stille spørsmål ved og omfamne tradisjonar på en så uforskamma og samstundes så gjennomtenkt måte, at ein kan seie at ho har skapt sitt eiget musikalske univers som berre må opplevast. Med ein usedvanleg kraftfull vokal, intrikat felespel, synthar, trommemaskinar og ikkje minst – ei utruleg sceneutstråling vil ein konsert med Sara Parkman utvilsamt gjere eit usletteleg inntrykk!

Medverkande:
Sara Parkman – fiolin, vokal
Hampus Norén – harmonium, gitar, vokal
Hanna Andersson – fiolin, bratsj, vokal
Ima Baeza Bilgin – tangentar, vokal
Sammy Hsia – trommer

Ca 00:00 - Røine/Warg + Opheim: «Bibopalula»

Dystopisk og mørkt under Lifjell 
"Sannsynligvis noe av det mest orginale siden finsk/svenske Hedningarne kom på banen" skreiv Arvid Skancke-Knutsen i Klassekampen om plata «Bibopalula» etter utgjevinga i 2018. Seinare fekk plata Folkelarmprisen i open klasse. Sidan den gong har plata fått ein smått legendarisk status, og Anders Røine og Daniel Sandén-Warg har berre spelt ein konsert sidan plata kom. Det skjedde på Riksscenen i mars 2023, og publikum som var til stades uttrykte stor begeistring. No skal me endeleg få høyre meisterverket i sin heilskap på heimebane i Bø, og høve til å høyre "Born in Bø", "Postmann", "Smal-Hans" og dei andre perlene i det mørke, dystopiske og til tider klaustrofobiske universet som dei røynde karane tek oss med inn i.

Før var det lyst, nå er det mørkt
Der det grodde er det knusktørt

Medverkande:
Anders Erik Røine - fele, gitar, langeleik, munnharpe, vokal
Daniel Sandén-Warg - hardingfele, fele, moraharpe, munnharpe, vokal
Kåre Opheim - trommer, perkusjon


Velkomen!

TripAdvisor

Kart

Sjekk tilgjengelighet forTelemarkfestivalen 2024 | FredagsFOLK (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

Åpningstider

Kroa i Bø (9 Aug 2024)
DagTider
Fredag20:00 - 23:00

Også i nærheten

  1. Bø Sommarland - Skandinavias største badeland!

    Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…

    4.20 km Unna
  2. Evju Bygdetun

    Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…

    5.71 km Unna
  3. Fruktbygda

    Velkommen til Fruktbygda. Området i Telemark og landet hvor frukten smaker mest. Her…

    6.76 km Unna
  1. Kjeldal sluse

    I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…

    13.08 km Unna
  2. Ulefos Hovedgaard

    Ulefos Hovedgaard - et hvitt smykke midt i Telemark

    17.27 km Unna
  3. Romnes middelalderkirke

    Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…

    17.41 km Unna
  4. Øvre Verket

    Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…

    18.20 km Unna
  5. Notodden Blues Festival

    Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…

    19.53 km Unna
  6. Heddal Stavkirke

    Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…

    19.90 km Unna
  7. Heddal Bygdetun

    På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…

    20.07 km Unna
  8. Gea Norvegica Unesco Global Geopark - Fensfelt

    Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.

    20.39 km Unna
  9. Telemark Kunstmuseum

    Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…

    20.82 km Unna
  10. Verdensarvsenteret

    Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…

    20.82 km Unna
  11. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    24.76 km Unna
  12. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    25.64 km Unna
  13. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    25.75 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av