Sundag 10. august kan du bli med på mange spennande kurs på Evju bygdetun. Alle kursa finn stad mellom kl 11:00 og kl 14:00. Ein nydeleg lunsj med ureist mat frå Evju bygdetun er inkludert i kursavgifta.
Påmelding til kurs: post@telemarkfestivalen.no
Kvedarkurs med Anne Gravir Klykken
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
Velkomen til kurs i folkesong frå Telemark! Kurset blir ei uhøgtideleg samling der deltakarane syng seg gjennom stubbar, viser, slåttestev og bånsullar frå Telemark med Anne Gravir Klykken som kursleiar. Kurset vil sveipe innom stiltrekk og historie knytt til songforma. Kurset kan passe både for deg som er nybyrjar, og for deg som er meir trena!
Kurs i blågras-gitar med Jon Solberg
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
Jon Solberg er gitarist, låtskrivar og songar med minst ein fot planta i bluegrass- og country-verda. Kurset er for deg som har lyst til å lære meir om denne drivande, rytmiske musikken. Jon lærer deg det han har tatt med seg på bluegrass-vegen gjennom å lytte til gitaristar som Doc Watson, Tony Rice, Maybelle Carter, Bryan Sutton, Molly Tuttle, Billy Strings og mange fleire. Du treng ein kassegitar, eit plekter og lyst til å spele god musikk. Jon lovar at det blir mest spel og minst prat - med fokus på låtar, «fiddle-tunes», akkompagnement, melodiar og improvisasjon. Bluegrass er perfekt for samspel mellom ulike strengeinstrument, og dersom du spelar mandolin eller banjo eller fele eller bass eller dobro eller noko anna akustisk med strengar på, er du hjarteleg velkommen!
Kurs i munnspel med John Trygve Bakke
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
Er du ein av dei som går rundt og tenker at det hadde vore gøy å lære seg å spele munnspel? No har du ein gylden moglegheit til å kome i gang! Kursleiar John Trygve Bakke vil gi deg ei innføring i ulike teknikkar og grunnleggjande kunnskap om munnspelet sine mange bruksområde.
Obs! Kursdeltakarane må ha med eiget munnspel – helst i toneart C. Munnspel kan òg kjøpast på staden av kurshaldar.
Kortkurs i plantefarging av garn med Ingvild Flottorp
435,- inkl. bill.avg. / 10 plassar
Få ein kort og spennande introduksjon til plantefarging under Telemarksfestivalen. Planteriket i Evju sitt nærområde er base for farging av ullgarn. Materialkostnader er inkludert i prisen. Kanskje du får lyst til å prøve meir etter denne dagen?
Evju Bygdetun (10 Aug 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Søndag | 11:00 | - 14:00 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…