Tingingsverk: «Istem»
Torsdag 7. august 2025
Festsalen, Bø hotell, kl. 19:00
365,- / 535,-* inkl. bill.avg.
Musikalsk verdspremiere!
Ikkje berre er det premiere på eit flunkande nytt tingingsverk – verda har heller aldri sett eller høyrd ein strykekvintett der alle instrument har understrengar. Før no! Tingingsverket «Istem» vert framført ein flott bukett utøvarar frå skjeringspunktet mellom kammermusikken og folkemusikken. Hovudkomponist er Vegar Vårdal, medan Ottar Kåsa er solist. I tingingsverket ønskjer me både å vise likskap og kontrastar i desse to sjangrane ved å skape eit breitt uttrykk som kan opplevast som heimehøyrande i både det klassiske og det folkemusikalske uttrykket. Urframsyninga av tingingsverket på Telemarkfestivalen er ei storhending i seg sjølve, men det er òg ei verdspremiere for ein stryke kvintett der samlege instrument har understrengar som syng i lag – noko som gir ein heilt ny klangbotn og rom for eksperimentering. I tingingsverket vil det vere nykomponert og nyarrangert musikk med hovudvekt på slåttemusikk og i særleg grad lydarslåttane frå Telemark.
I tillegg til å vere solist er Ottar Kåsa sterkt involvert i tingingsverket. Han har nemleg laga hardingfelene, hardingbratsjen og hardingcelloen som vert nytta i framføringa.
Medverkande:
Ottar Kåsa – hardingfele
Vegar Vårdal – hardingfele
Nora Taksdal – hardingbratsj
Sivert Holmen – hardingfele, hardanger d'amore
Johannes Martens – hardingcello
* Gir inngang til båe konsertar på Bø hotell denne kvelden.
Velkomen!
BØ HOTELL (7 Aug 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Torsdag | 19:00 | - 21:00 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…