Utforsk Telemark

EN

NO

Bufjordstigen på Dalen

TypeVandring

Dalen Bryggje, 3880, Dalen

Legg Bufjordstigen på Dalen til i reiseruten din.

  • film
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Handlegata på Dalen
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Storaure i Tokkeåi
  • Product Image
  • Bever

Om

LETT TUR med kultur, historie og fiske.

Turen startar ved Lastein (Dalen) Bryggje, (legge stein i la). Her var utskipingsplass for den kjende brynesteinen frå Eidsborg, Noregs eldste eksportartikkel. Her legg båtene på Telemarkskanalen til. Historia om livet på Telemarkskanalen kan du sjå på Dalen Bryggjeustilling og på Lastein bryggjekafé kan du nyte eit godt måltid. 

Frå bryggja passerar du ei fin badestrand og går vidare over Eidsborgbekken. Turen går no forbi Tangane, eit viktig friluftsområde med idyllisk furuskog. Her får du innsyn til Dalen Hotel frå hagen.

Soria Moria sauna blenkjer som eit smykke i Bandak. 

Tokkeåi kryssar du via ein ”hoppeterskel” i stein. Ved høg vannstand må ein rekne med å gå vegen i staden.

På Buøy fylgjer du natursti gjennom ein fascinerande "jungel" der ein fleire stader kjem ned til elva med fine fiskeplassar og ei rikhaldig beverstamme. Fiskekort for Tokkeåi og Bandak får du kjøpt på fishspot.no

Idylliske Buøy Camping er ein flott stad å campe for natta. 

Turen går attende gjennom Dalen sentrum, med ei intim handlegate, blomstertorg, butikkar, kafétilbod og Tokke kommunehus med skulpturar av Anne Grimdalen og Charles Michalsen og kommunestyresal kledt i brynestein. 

Turen er delvis universelt utforma. 

Turfakta:

Tilgang: april til oktober 

Høgste punkt: Dalen 75 moh 

Skotøy: valfritt 

 

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - 3 km

Gradering

  • lett

Målgruppe

  • Eldre
  • Familie med barn

Natur og terreng

  • elv
  • kulturlandskap

Sesong

  • Hele året

Varighet

  • 1 time

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Turvegen startar ved Lastein Bryggje, Dalen. Om du kjem langs E-134 frå aust; ta av i Høydalsmo og fylg Fv450 til Dalen. Lastein Bryggje ligg på venstre hand, i det du kjem ned Eidsborgberget. Frå Vrådal og Åmot langs Fv38 til Dalen. Køyr forbi innkjøring til Dalen sentrum, og du får Lastein Bryggje på høgre hand etter 1 km. Parkering ved bryggja, på motsett side av bobilparkeringa. 

Sjekk tilgjengelighet forBufjordstigen på Dalen (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - årets utstillar er fotokunstnar Torleif Lie.

    128 m Unna
  2. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…

    616 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    806 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    2.15 km Unna
  2. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    2.21 km Unna
  3. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    2.35 km Unna
  4. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    2.38 km Unna
  5. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    3.02 km Unna
  6. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    5.79 km Unna
  7. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    6.11 km Unna
  8. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.24 km Unna
  9. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.40 km Unna
  10. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.26 km Unna
  11. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    22.34 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.72 km Unna
  13. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    25.74 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av