Jettegrytene er stengt for bading inntil videre!
Veglaget for Espestøylvegen opplyser om at vegen inn til Jettegrytene vil vere stengt i heile sommar, grunna dårleg vegstandard.
Det vert arbeidd med ein plan for å ruste opp vegen, men dette vil tidlegast kunne bli gjort hausten 2020. Det vil vera mogleg å sykla inn (6-7 km) eller følgje ein stig frå bommen til fots som er eit par kilometer.
Jettegrytene er runde eller lange fordjupningar i fast fjell. Dei oppstår ved erosjon av vatn som har sett steinar og grus i roterande rørsler. Jettegryter finn ein oftast i stryk og fossar, der vatnet har stor fart og dannar kvervlar. Jettegryter finn ein også på stader der det no ikkje er elvar. Desse erlaga av smeltevatn under istida. Jettegrytene kan bli fleire meter i diameter og 10-20 meter djupe.
Elva Fyresåna har gjennom uminnelege tider snurra rundt med stein og grus i elveleiet, som sidan er blitt regulert for straumproduksjon. Før kraftutbyggjarane gjekk til verket, var jettegrytene ein godt verna løyndom under vatnet. Fyrst då ein stor del av vassmassane blei lagt i røyr, kom dei runde fordjupningane i elveleiet til syne. Dette naturfenomenet finn ein heilt sør i kommunen, ved den vesle bygda Eikhom, ei mil frå Telemarksvegen. Det er fylkesveg fram til kraftstasjonen. Der må du betale parkerings-/vegavgift. Avgifta skal skaffe det økonomiske grunnlaget mellom anna til vedlikehald og opparbeiding av parkeringsplass.
Ynda badeplass
Jettegrytene ligg i ein trong dal med berg på båe sider, der sola verkeleg får tak. Det brenn under nakne føter på fjellgrunn! Ikkje rart at dette i årevis har vore ein ynda badeplass for bygdefolk. Grytene er nærast som varme kjelder å rekne. Jettegrytene har vore ein godt verna løyndom for dei fleste. Ein heilsides reportasje i Aftenposten om dei flotte fjellformasjonane, endra dette ganske så drastisk. Staden vart dessutan kåra til årets badestad 1999 av NRK Telemark, Vestfold og Buskerud. Hugs! Dette er eit område på bare 300 meter, med gryter og sklier, nesten som eit naturleg sommarland Det er difor svært sårbart: Skulle nokon lage bål på svaberga, risikerer ein at fjellet slår sprekkar. Ver naturvenleg, ikkje legg att søppel og pass godt på badeperla vår. På førehand takk.
På dette "Vestlandet" i Telemark ligg Våmur mellom Fyresdal sentrum i nord og Kilegrend i…
Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet, mellom Nissedal og Fjone.
Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…
Folkestadbyen
I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i…
RussvassdammenRussvassdamen er ein restaurert fløytingsdam med merka stig og…
Drangedal bygdetun er sannsynligvis et av Norges flotteste bygdetun, idyllisk plassert i…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a.…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Sannidal Kirke er en tømret korskirke bygd i 1711. Sannidal hadde også en egen stavkirke…
Ønsker man å lære bygdas historie og oppleve hvordan livet i Sannidal var i tidligere…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».