km
9 kmOm turen
Middels krevjande tur kor du gjennom informasjonstavler undervegs får formidla historier om tømmerfløtinga i Tokke og korleis fossen fekk tilnamnet Helvete, om storauren i Tokkeåi og om garden Åsland som var tingstad i mellomalderen.
Turen startar ved Tokke kulturhus og etter cirka 2 kilometer kjem du til hengebrua over Helveteshylen. Namnet på staden er eigentleg Nederbø, men fekk tilnamnet Helvete i tømmerfløtningsdagane då fossen skapa store utfordringar for fløterane. Nederbøfossen fekk difor tilnamnet Helvetesfossen og brua vart bygd over Helveteshylen. Om hausten kan du frå hengebrua sjå storauren når den gjeng opp Tokkeåi for å gyte.
Etter hengebrua går turen vidare gjennom gamalt kulturlandskap, inn i skogsterreng og opp nokre fine, bratte lier. Når du nærmar deg Dalen kjem du til eit flott utsynspunkt tilrettelagt med kvilebenk. Etter nedstiginga frå utsynspunktet går turen om den gamle storgarden Åsland, som var tingstad på 1300-talet. Her kan du på ny nyte utsynet over Bandak og Telemarkskanalen, før du returnerer til startpunktet ved Tokke kulturhus.
Sesong
Mai-oktober
Varigheit
Rundtur 3 timar
Gradering
Blå (middels krevjande)
Køyreforklaring
Turvegen startar ved Tokke Kulturhus. Om du kjem langs E-134 frå aust: ta av i Høydalsmo og følg Fv450 til Dalen. Like etter Dalen sentrum får du Tokke Kulturhus på høgre hand. Frå Vrådal og Åmot køyrer du Fv38 til Dalen. Like før du kjem til Dalen sentrum får du Tokke Kulturhus på venstre hand. Du nyttar parkeringsplassen ved Tokke Kulturhus/Tokke Skule.
Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Handverksutstilling, handverkarverkstadar, sommarkafè, steinomnsbakeri, konsertar og…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Raulandsakademiet er eit kurssenter, eit vandrarheim og og eit levande bygdetun.