Vest-Telemark har ein variert geologi med mange mineralførekomstar. Det har vore gruvedrift i området i alle fall sidan 1500-talet, og såkalla brynestein har blitt eksportert til Europa heilt sidan vikingtida. Også Telemarkskanalen er knytt tett til denne historia.
I over 1200 år har bryne frå steinbrota i Eidsborg vore ein viktig eksportartikkel frå Noreg. Vikingane hadde med seg Eidsborgbryne ut til heile Europa. I 1952 gjekk den siste skipslasta ned til Norrøna fabrikker i Skien. Dette markerte slutten på kommersiell drift kring brynestein frå Eidsborg. Gjermund Omdal braut stein, slipte og selte lokalt i privat regi fram til og med sesongen 1976. Det vesle sliperiet hans står i dag på Vest-Telemark museum. Du kan både vitje steinbrota og sjå ei temautstilling om brynestein på museet i Eidsborg.
Då danskekongen i 1539 utrusta tyske bergfolk for å starte bergverksdrift i Noreg, var det til Vest-Telemark dei kom - i fyrste omgang til Gullnes i Seljord og Moisesberg i Fyresdal.
På Åmdals Verk, ikkje langt frå Moisesberg, starta utvinninga av kopar i 1691. Drifta her gjekk gjennom ulike konjunkturar fram til den endeleg vart lagt ned i 1945. I seinare tid blei anlegget bygd om til museum - av lokale entusiastar og tidlegare gruvearbeidarar.
Telemarkskanalen blei opna i 1892 og spela ei viktig rolle for både brynesteinproduksjon, transport av kopar, tømmerfløyting og andre næringar. I Eidsborg har me bygd ein vassførande modell av kanalen.