Utforsk Telemark

English

Norsk

Byggjeskikk og folkekunst

  1. Friluftsmuseet i Eidsborg
    Interiøret i den flotte Juvestoga blei måla i 1799 av den kjende rosemålaren Olav Torjusson. Stoga kjem frå garden til «juvekongen» Olav Halvorsson i Øyfjell.
  2. Bur og loft Kviteseid bygdetun
    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbura i heile Telemark! Her er også ei skulpturutstilling etter Gunnar Utsond.
    1. 25 Jun 202615 Aug 2026
  3. Museumsbygg i kila granitt på Øyfjell bygdemuseum, Vest-Telemark museum.
    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1930-talet har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.
    1. 20 Jun 20269 Aug 2026
  4. Grimdalstunet med leikande bjørnar i front, Skafså i Tokke, Vest-Telemark museum, Anne Grimdalen.
    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i Telemark. Dei eldste husa er frå 1600-talet. Rett ved finn du óg eit moderne skulpturgalleri med mange av Anne sine skulpturar, kunstutstillingar i underetasjen og Draumkvedet-måleri av Karl Erik Harr.
    1. 25 Jun 202615 Aug 2026
  5. Rasteplass på Fyresdal bygdetun
    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og gardshus frå mellomalderen og framover.
    1. 25 Jun 202615 Aug 2026
  6. Stålekleivloftet og Ljosdalsburet på Vest-Telemark museum Eidsborg.
    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet på Uppistog Vindlaus, ein del av Vest-Telemark museum i Eidsborg, er ikkje som alle andre loft. Det har nemleg ei heilt spesiell historie. Ei lang historie.
  7. Eidsborg stavkyrkje med Eidsborgtjønna - dronebilete.
    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising tre gonger dagleg i høgsesong. Utanom høgsesong er det omvising etter behov/avtale.
    1. 1 May 202615 Sep 2026

Ikke gå glipp av