Utforsk Telemark

English

Norsk

Skulptur og biletkunst

Skulptur og biletkunst

Skulptur og biletkunst

  1. Henrik Sørensen og Harald Kihle
    Gjennom 40 år var målaren og «kunstnarhøvdingen» Henrik Sørensen på Smørklepp i Vinje kvar einaste sommar og måla. På Smørklepp finn du difor det eine av to Sørensen-galleri i Noreg. Her er også måleri av hans elev og ven Harald Kihle.
  2. Gunnar Utsond
    Gunnar Utsond frå Kviteseid har ei dramatisk livshistorie. Han henta naturalismen til Noreg, skapte Noregs mest kjende symbolistiske skulptur, «Helhesten», og blei vår første skulpturprofessor. Likevel blei han underkjent som kunstnar.
  3. Anne Grimdalen
    Anne Grimdalen frå Skafså blei kalla «Eventyrjenta i norsk bilethoggarkunst». Ho vaks opp i enkle kår på ein fjellgard som i dag er museum. Anne er mest kjend for barne- og dyreskulpturar, og for utsmykkinga av Oslo Rådhus.
  4. Bilethoggar Dyre Vaa med utkast til byste.
    Dyre Vaa frå Kviteseid er etter Gustav Vigeland kunstnaren som har prega norsk skulpturmiljø mest. Ingen har vunne fleire tevlingar. 250 skulpturar og kanskje 1000 måleri står att etter han. Også sonen hans Tor var ein kjend kunstnar.
  5. Knut Skinnarland
    Knut Skinnarland frå Rauland har bl.a. laga store figurar til vestveggen av Nidarosdomen. Det er mange statuar og monument etter han rundt om i Noreg. Han var òg lærar ved Raulandsakademiet.

Ikke gå glipp av