Stiftinga Vest-Telemark museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for drift, vedlikehald og utvikling av musea i regionen. Stiftinga mottek støtte frå staten, fylket, kommunane og frå private, i tillegg til prosjektfinansiering og eigne salsinntekter.
Vest-Telemark museum har ansvar for museet i Eidsborg, Norsk skieventyr i Morgedal, Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal bygdemuseum, Kviteseid bygdetun, Øyfjell bygdemuseum, Dyre Vaa-samlingane og Knut Skinnarland-samlinga, Vinje biletgalleri og Myllarheimen. I tillegg har me ansvar for privatarkiv, andre gjenstandssamlingar og kulturminne.
Vår kjerneverksemd er å samle inn, dokumentere, ta vare på og formidle regionens kunst- og kulturhistorie gjennom våre utstillingar og bygningar. Men museet er også ein aktiv utviklingsaktør, som utviklar og gjennomfører prosjekt innan kultur, reiseliv og internasjonalt samarbeid.
Dei to største musea i Eidsborg og Morgedal har ope frå mai til september, medan dei fleste andre einingane har fast opningstid i feriesesongen frå slutten av juni til medio august. Elles er alle einingar tilgjengelege heile året for gruppeomvising etter tinging på førehand.
Her finn du museets årsmeldingar sidan nyopninga i 2012 (pdf-format):
Årsmelding 2012
Årsmelding 2013
Årsmelding 2014
Årsmelding 2015
Årsmelding 2016
Årsmelding 2017