For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Soger

  1. Dei fire store
    Dei høyrde til om lag same generasjon, dei kom frå Vest-Telemark, dei reiste i Danmark og Frankrike. Saman står dei for mesteparten av skulpturkunsten rundt om i landet. Møt «Dei fire store» bilethoggarar frå Vest-Telemark!
  2. Det magiske vatnet
    Les om magiske Eidsborgtjønni, midtsommarnatten, den heilage Nikuls og André Bjerkes skrekkroman «De dødes tjern». Korleis heng dei saman?
  3. Ein verdsartikkel frå Eidsborg
    I meir enn 1000 år har brynestein frå brota i Eidsborg og Lårdal blitt eksportert til heile Europa. Frå vikingtid til 1950 blei millionar av bryner frakta ned Telemarksvassdraget og ut i den store verda – ein arbeidsintensiv bragd av dei sjeldne.
  4. Historia om Rui-jentene
    Mange har høyrt om Rui-systrene som budde åleine på ein forblåst husmannsplass i det bratte berget over Bandak. Kven var dei, og kva skjedde då dei skulle vitje kongen i Oslo?
  5. Napoleon sin hæl
    I 1878 var to unge prinsar på sightseeing i Vest-Telemark. Dei budde på Hotel Lastein på Dalen og skulle vitje Ravnejuv. Så skulle dei ta seg eit bad. Les kva som skjedde.
  6. Rallaren på Åmdals Verk
    Birger Bastiansen (90 år i 2018) har vore gruvearbeidar på Åmdals Verk i sin ungdom. Då verket blei stengd i 1945 var han med på å ta vare på historia, og han var sentral i oppstarten av guvemuseet på 1980-talet. Les eit intervju med han frå VTB.
  7. Skilegenden frå Morgedal
    Sondre Norheim var ein einer innan langrenn, alpint og hopp på 1800-talet. Han utvikla nytt utstyr og bidro til å spreie skigåing som fritidssyssel i både Christiania (Oslo) og USA. Les hans livshistorie her!
  8. Soga om Åse Stålekleiv
    Soga om «dronninga frå Eidsborg» er tett knytt til bygginga av «Stålekleivloftet» frå 1167 – sannsynlegvis det eldste profane trehuset i Europa. Men historia byr på meir enn det: sjalusi, tvikamp, drap og sjølvdrap. Om ho er sann, veit me ikkje. Men god er ho.
  9. Telemarkingen som dro til Sydpolen
    Som fleire i sin generasjon i Morgedal, var Olav Bjaaland skiløpar og skimakar i tradisjonen etter Sondre Norheim. I 1911 deltok han i Roald Amundsens ekspedisjon til Sydpolen (ein tur som kosta konkurrenten hans, Robert F. Scott, livet). Korleis dette skjedde, kan du lese her.
  10. Krafta som endra Vest-Telemark
    Vasskraftutbygginga i Vest-Telemark starta på 1950-talet og var i si tid Europas største. Les korleis det gjekk til at livet i avsides fjellbygder som Tokke og Vinje blei snudd på hovudet i løpet av nokre få år.

Lik Vest Telemark Museum på Facebook