Telemarksarkivet er ei felles plattform for samarbeid og koordinering av arbeidet med privatarkiv, med forankring i dei tre konsoliderte musea: Telemark museum, Vest-Telemark museum og Norsk Industriarbeidarmuseum, inkludert Arbeidarrørsla sitt arkiv i Telemark. Me har òg rolle som fylkeskoordinerande ledd i det nasjonale arkivarbeidet.
Nettverket omfattar felles bevaringsplan, felles verksemdsplan og faglege samlingar. Me har gjennomført mange ulike samarbeidsprosjekt og held fram med dette arbeidet.
Når framtida skal skrive vår historie
Målet vårt er at samfunnsminnet for Telemark skal vere mest mogleg heilskapleg, representativt, forsvarleg oppbevart, handtert i samsvar med lovverket og etter arkivfaglege prinsipp – og ikkje minst kjent og tilgjengeleg for eit breitt publikum. Privatarkiv er også ei viktig kjelde for å lage utstillingar og drive anna formidlingsarbeid i musea.
Privatarkiv er arkiv etter bedrifter, organisasjonar, frivillige foreiningar, gardar og privatpersonar. Dei er like viktige som offentlege arkiv når historia vår skal skrivast.
Telemarksarkivet forvaltar meir enn 4000 hyllemeter med privatarkiv frå 1500-talet og fram til i dag, og over 3,4 millionar fotografi. I tillegg har me arkiv som inneheld film og lydopptak.
Kjeldesenteret ved Vest-Telemark museum
Vest-Telemark museum jobbar for å synleggjere historia i regionen gjennom arkiv og foto.
Boksamling
Boksamlinga omfattar fagbøker knytt til fagområda me formidlar ved museet, samt ei rekkje lokalhistoriske utgjevnadar. Du kan søke i boksamlinga ved å gå via Vest-Telemarkbiblioteka - eller gå direkte til avansert søk: Avansert søk
Slik finn du Vest-Telemark museums katalog: Klikk på «Søk» i det grå banneret på nettsida. Då kjem det opp eit søkefelt med ein tekst under som seier «Avansert søk». Klikk på denne. Litt lenger ned på sida får du opp fleire felt for å innsnevre søket. I feltet «Velg bibliotekorganisajon», vel du «Tokke kommune». I feltet «Velg filial» velg du «Tokke kommune - Vest-Telemark museum». No er det berre å søke som vanleg, både på nøkkelord, forfattar, tittel og emne. Det går også an å snevre inn søket meir, viss ynskjeleg.
Foto
Museet har over 100 000 foto i samlinga. Stadig fleire blir digitalisert og lagt ut på Digitalt museum.
Lesesal
Publikum er velkomen til å sjå på arkivmateriale og bøker på lesesalen i andre høgda på museet i Eidsborg.
Materialet kan tingast på førehand her eller ved å kontakte arkiv- og samlingsansvarleg Benedikte Nes på bn@vtm.no