Antall resultater: 12
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1930-talet har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.
Vinje
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive utstillingar og fartsfylte filmar.
Morgedal
Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.
Vinjesvingen
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.
Rauland
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.
Rauland
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbur i heile Telemark! Her er også ei skulpturutstilling etter Gunnar Utsond.
Kviteseid
Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og gardshus frå mellomalderen og framover. Bjørnstadstoga frå 1600-talet vart bruka som tingstoge.
Fyresdal
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for. Bli med oss på ei spanande vendring inne i gruvene, eller sjå rørlege modellar som visar koparproduksjon.
Åmdals Verk
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i Telemark. Dei eldste husa er frå 1600-talet. Rett ved finn du og eit moderne skulpturgalleri med mange av Anne sine skulptur, og Draumkvedet-måleri av Karl Erik Harr.
Dalen
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.
Høydalsmo
Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, levde dei siste åra av livet sitt.
Rauland
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.
Omvising i høgsesong kl 11:00, 12:00, 14:00, 16:00. Utanom høgsesong er det omvising etter behov.
Høydalsmo