Å gå på museum passar for alle aldrar.
Ved fleire av våre museum har me aktivitetstilbod for heile familien.
Nokre anlegg er litt meir spanande enn andre - kva med å sluse båtar, prøve ein skisimulator eller bli med på gruvevandring?
Aktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med interaktive utstillingar og fartsfylte filmar. I tillegg er der ein fantastisk vasspark for store og små.
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for. Bli med oss på ei spanande vandring i gruvene, eller sjå rørlege modellar som visar koparproduksjon.