Her kan du sjå og høyre, smake og oppleve, prøve ut og leike deg inn i vår historie. Vest-Telemark har blitt kalla både eit sogeland og ei skattekiste. Målaren Henrik Sørensen sa at Telemark er som Paris; kvar kvadratmeter har si historie! No var Sørensen kjend for å bruke store ord, men mykje av dette er sant. Di meir du høyrer, ser og lærer, di meir fascinert vert du av Vest-Telemark.
Du finn informasjon om Vest-Telemark Museum og alle våre tilbod og aktivitetar på denne nettsida.
Du kan også laste ned VTM-appen (gratis på AppStore og GooglePlay) som kan bli din vegvisar når du skal besøke våre museum eller arrangement. Du vil sjå at vegane kryssar, at historiene gjev samanheng og at du vil forstå meir av regionen. Vest-Telemark Museum vart stifta i 2002 som ei felles forvaltning av til saman tolv ulike museumseiningar. Dei har ulike historier og utgangspunkt, men under eitt fortel dei mykje av den viktigaste historia for regionen. Finn dine vegar inn, finn skattane og nyt turane!
Med helsing,
.JPG)
Dag Rorgemoen
direktør Vest-Telemark Museum