
Åmdals Verk i Tokke har ei lang gruvehistorie, og dette museet formidlar gruveverksemda i området. Vandringa i dei gamle kopargruvene er ei spanande oppleving for besøkande i alle aldrar. Publikum kan gå med guide inn i dei gamle gruvene «Hoffnung» og «Howard», passere «Sølvsynken», gå opp ei trapp i «Ingeborg-sjakt» og halde fram til den underjordiske verkstaden «Smia». Undervegs kan ein sjå ned i delen av gruva som i dag ligg under vatn. Fleire tablå viser gruvearbeid frå mellomalder og 1800-tal med dokker, ljos og lyd.
Det tilbys to nær timelange omvisingar til Smia per dag i opningssesongen. Ingen av turane i gruva er eigna for rørslehemma personar. Maks 50 personar per tur:
For dei som har meir tid og vil ha ei større utfordring kan Åmdals Verk gruver tilby «langturen» til Cross Cut, ein halvannan times tur med guide kvar dag. Med langturen er fleire gruvegangar gjort tilgjengeleg for publikum, innan ein kjem ut i dagsljoset og attende langs ei kulturminneløype, ein fin sti frå gruvetida.
MERK: Ta med gode sko og varme klede. Temperaturen i gruva er jamnt på 6-8 plussgrader!
I gruvene er det fleire historiske tablå. Det finst óg eit underjordisk forsamlingslokale der ein kan ha konsertar og andre tilstellingar for inntil 50 personar.
Inne i museumsbygget kan du sjå ei innhaldsrik geologiutstilling, og hovudutstillinga byr på mekaniske modellar. I kafeen er det ei fotoutstilling som visar Åmdals Verk før og no, og det er mogleg å sjå video frå eit dykkeprosjekt i gruva. Få også med deg utstillinga i Bråjordet (tidlegare matbrakke) ute på tunet. Det finst i tillegg ei eiga lita gruve utandørs for born der dei kan leite etter stein.
Historia om gruvedrifta
Historia går attende til slutten av 1530-talet, då kong Kristian 3. av Danmark/Noreg sendte tyske bergmenn til Telemark for å starte gruvedrift. Det fyrste bergverket vart kalla Moisesberg. Dette ligg ikkje langt frå Åmdals Verk, men drifta her vara berre til rundt 1549.
Malmgangane på Åmdals Verk vart funne i 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 «Oberbergamtet» i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk.
I 1691 kom drifta i gang, men konjunkturane svinga. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta utfordrande.
Verket hadde ein gullalder i andre halvdel av 1800-talet, med kontinuerleg drift gjennom fleire tiår. I 1870- og 1880-åra blei det investert i nytt utstyr som auka effektiviteten. Toppåret i perioden var 1884, med over 300 tilsette. Fram til 1907 hadde verket eigen skule. I tillegg hadde dei fattigvesen og eigen lege ved verket.
Siste driftsperioden var under 2. verdskrig. Okkupasjonsmakta kravde full drift gjennom heile krigen, verket blei ein Wehrwirtschaftsbetrieb. Etter freden i 1945 blei gruvedrifta lagt ned for godt. Sidan starten i 1691 har det blitt tatt ut om lag 1 million tonn bergmasse, og truleg utvunne meir enn 8000 tonn kopar.
Lyst til å veta meir? Sjekk ut denne: Podkast: 254 år med slit og samhald
Gruvene vart hjarta i ei urbanisert fjellbygd der gruvearbeidaren sin kvardag var avhengig av gode malmførekomstar og politiske tilhøve ute i Europa. Mange avanserte mekaniske modellar syner korleis den omfattande prosessen frå malm til kopar gjekk føre seg.
Gruveområdet er er rikt på mineralar, og omkransa av flott natur og turstigar. Sti i Skjerpenuten gjev informasjon om dei ulike gruvene. Prøv også Malmvegen, den historiske ferdselsvegen, der rallarane frakta malmen frå gruvene på Åmdals Verk over heia til Bandaksli.
Sjekk også ut: Cross-Cut
HER KAN DU TA EI VIRTUELL VANDRING GJENNOM DELAR AV GRUVA!

| Billettype | Billettavgift |
|---|---|
| Born 6-15 år | NOK 55,00 pr. person |
| Familiebillett | NOK 280,00 per dag |
| Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 850,- | NOK 90,00 pr. person |
| Honnør/student | NOK 90,00 pr. person |
| Vaksen | NOK 110,00 pr. person |
Med forbehold om prisendringer.
| I sesong: Guida turar kl.11.30 og 15.00. Langtur (ca. 1,5 time) kl. 13.00. (25 Jun 2026 - 15 Aug 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Mandag | Stengt | |
| Tirsdag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
* Omvising for grupper kan tingast heile året (booking@vtm.no), så sant vér, føre og kapasitet tillet det.
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Utforsk Eidsborg stavkirke! En 800 år gammel kulturskatt. Nå datert til før 1150! Se…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Oppdag Vest-Telemark Museum! Se Eidsborg stavkirke, Stålekleivloftet (1167),…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Fyresdal Bygdemuseum ble stiftet i 1909 og er et av Norges eldste bygdetun. Her finner du…
Folkestadbyen i Fyresdal består av gamle idylliske hus med mange fine små hager og tun.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Besøk Norsk Skieventyr i Morgedal – skimuseum, skisimulator, vasspark og utstillinger om…
Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…