Utforsk Telemark

EN

NO

OL- og VM-deltakarar frå Telemark

TypeTekstside

Vårstaulv 2, 3848, Morgedal

Legg OL- og VM-deltakarar frå Telemark til i reiseruten din.

OL-VM-otto aasen lue, premie og flaske
  • OL-VM-otto aasen lue, premie og flaske
  • OL-VM-deltakarar frå Tinn
  • OL-VM-premiar kjetil mårdalen
  • OL-VM-oversikt monter
  • OL-VM-torstein skinnarland
  • OL-VM-skiskyting
  • Kjetil Maardalen frå Tinn

Om

Telemark har ein lang og rik skitradisjon. Olaf Rye frå Bø i Telemark har verdas fyrste offisielle verdsrekord i skihopping på 9,5 m rett ved Eidsberg kyrkje, Vestfold. Sondre Norheim utvikla betre ski og skibindingar, og var suveren i dei fyrste skirenna som var i Christiania (Oslo) frå slutten 1860-åra. Etter han kom Br. Hemmestveit, Olav Bjaaland og andre telemarkingar som dominera resultatlistene i hovudstaden, enten det var på Iversløkken, i Husebyrennet eller seinare Holmenkollen.

Så vart skiidretten organisert, det vart både OL og VM. Telemarkingane vart ikkje så dominerande lengre, andre frå Noreg og frå andre land byrja å hevde seg. Det var med telemarkingar både i det fyrste Vinter-OL i 1924 og Ski-VM i Lahti 1926. Frå Tinn var Jon Mårdalen, Einar Landvik og Otto Aasen med.

Tinn hadde og fyrste telemarksjente med i eit VM. Det var Elisabeth Spockeli i slalåm i Zakopane 1939. Det vart eit godt alpinmiljø på Rjukan på 1950-70, og både Karen Sofie Styrmoe-Oseid og Jon Terje Øverland deltok i OL og VM.

Det er fleire frå Telemark som har hevda seg i alpint. Merete Fjeldavlie var eit friskt pust, og Atle Skårdal var dominerande i Super-G og utfor i mange år. I nyare tid har Knut Tore Apeland tatt opp kombinertarven, og Magnus Krog vil ta den med vidare til nye OL og VM.

Telemark hadde og pionerane innan kvinneleg skiskyting. Sanna Grønlid og Siv Bråten (nå Lunde) dominera internasjonal skiskyting på 1980-talet.

Utstillinga  om OL- og VM-deltakarane frå Telemark sto ved Norsk Skieventyr i 2014 og 2015. Den fortalde historia om 25 utøvarar som er født i Telemark, eller som har delteke for ein telemarkklubb, ved hjelp av tekst, bilde og gjenstandar. Kravet for å bli med var at ein hadde delteke på seniornivå i OL eller VM med ski på beina. Utøvarar som har delteke i Paralympics er ikkje med denne gong, det kan bli eit eiget tema i ei ny utstilling.


Desse utøvarar var med i utstillinga:

Anders Olsen Haugen frå Bø, emigrerte til Milwaukee, USA. OL 1924 hopp og langrenn, OL 1928 hopp, kombinert og langrenn.

Jon Mårdalen, Tinn Skilag. OL 1924 langrenn.

Einar Landvik, født i Kviteseid, flytta til Rjukan. KLubb Rjukan IL. OL 1924 hopp og langrenn. VM 1926 kombinert.

Otto Aasen frå Fåberg, men flytta til Rjukan. Klubb Rjukan IL. VM 1926 hopp og kombinert.

Hans Kleppen, Bø og Skarpehedin IL. OL 1928 hopp. OL 1932  prøvehoppar. VM 1929 hopp.

Jon Snersrud, frå Flå, men flytta til Rjukan. Klubb Rjukan Skilag. OL 1928 hopp, langrenn og kombinert.

Olav T Kaasa frå Bø, IL Skarphedin, Odd skiklubb og Urædd skiklubb. VM 1930 kombinert.

Torstein Skinnarland, frå Møsstrond. Klubb Rjukan skilag. VM 1938 kombinert og hopp.

Kjetil Mårdalen, Tinn Skilag. VM 1950, VM 1954, OL 1956 kombinert.

Karen-Sofie Styrmoe Oseid, Tinn, Skiklubben Ready. OL 1952 slalåm og utfor.

Guttorm Heldal frå Drangedal, Drangedal IL og Strømsgodset IF. VM 1958 hopp.

Jon Terje Øverland, Rjukan IL. VM 1966 slalåm og kombinasjonen. VM 1970 utfor. OL 1964  storslalåm.

Steinar Bråthen, Drangedal. Klubb Rennebu IL/Trønderhopp. VM i skiflyging 1983 og OL i skihopp 1984.

Sanna Grønlid, Høydalsmo. Klubb Høydalsmo IL og Tingelstad skyttarlag. VM i skiskyting 1984, 1985, 1986, og 1987.

Siv Bråten Lunde, Drangedal. Klubb Tingelstad IL, Vestre Trysil IL og IL Trysilgutten. VM i skiskyting 1984, 1985, 1986 og 1987.

Atle Skårdal, Lunde. Klubb Skade IL. Alpint VM 1985, 1987, 1989, 1991, 1993, 1996 og 1997. OL 1988 og 1994.

Knut Tore Apeland, Haukeli/Edland. Klubb IL Rein. Kombinert VM 1993,1995, 1997, 1999 og OL 1992 og 1994.

Merete Fjeldavlie, Rjukan IL. VM i alpint 1991, 1996, 2001 og OL 1992.

Heidi Edvardsen, køyrte for Rjukan skilag. VM i telemarkkøyring i 1991 og 1992.

Preben Brynemo, Porsgrunn. Klubb Sannidal IL. Kombinert VM 2001 og 2003 og OL i 2002.

Jan Rune Grave, Kviteseid. Klubb Vrådal IL. OL i kombinert 2002.

Ella Gjømle, Stathelle. Klubb Lyn. Langrenn VM 2005 og 2007 og OL 2006.

Anders Bjørtuft, Tinn. Klubb Fjellguten IL. VM i skikiting 2006.

Magnus Krog, Høydalsmo. Klubb Høydalsmo IL. Kombinert VM 2013 og 2015 og OL 2014.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069080

Også i nærheten

  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    0 m Unna
  2. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.39 km Unna
  3. Kviteseidbyen

    Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…

    9.36 km Unna
  1. Dyrskuplassen

    Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…

    11.03 km Unna
  2. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    11.97 km Unna
  3. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    12.33 km Unna
  4. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    12.65 km Unna
  5. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    12.98 km Unna
  6. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.80 km Unna
  7. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    14.89 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.55 km Unna
  9. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    18.76 km Unna
  10. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    21.93 km Unna
  11. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    22.47 km Unna
  12. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    22.56 km Unna
  13. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    22.60 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av