Utforsk Telemark

EN

NO

Snowshoe Thompson - Jon frå Tinn

TypeTekstside

Vårstaulv 2, 3848, Morgedal
Statue av Snowshoe Thompson
  • Statue av Snowshoe Thompson
  • Statue Snowshoe
  • Velkomen til byen

Om

Norsk Skieventyr i Morgedal viste i 2015 og 2016 ei utstilling om Snowshoe Thompson, tinndølen som vart legendarisk postberar på ski i USA. Utstillinga var laga med utgangspunkt i ei bok skriven av forfattar Halvor Kleppen og utgjeven av Vest-Telemark Museum. Utstillinga gav gjennom tekst, bilete, gjenstandar og musikk ei framstilling av livet til Jon frå han reiste frå Tinn til han døydde i ein alder av 49 år langt vest i USA. Delar av utstillinga er framleis å sjå ved Skieventyret i dag.

Boka om Snowshoe Thompson blei i februar 2016 tildelt den høgthengande internasjonale prisen The Skade Award av International Skiing History Association! Prisen går til skihistoriske bøker med lokalt tilsnitt, og er omfatta av stor prestisje.

Snowshoe Thompson – Jon Torsteinson Rue

Jon Torsteinson Rue vart fødd i Tinn i 1827, men det var i USA han vart berømt og ei legende. John A. Thompson, som han kalla seg i det nye landet, er kjend som Snowshoe Thompson, mannen som frakta post på ski i det barske fjellområdet Sierra Nevada mellom California og Nevada.

Det er skrive mange bøker, artiklar og oppdikta soger om Snowshoe Thompson. Det er dikta songar om han, han har skirenn oppkalla etter seg og det er fleire minnemonument som markerer skiløparen som leverte post til stader som elles ville ha vore heilt isolerte vinterstid. Få telemarkingar har fått så mykje omtale, så mykje heider og så mykje ære i USA som Jon frå Tinn!

Boka

I boka Snowshoe Thompson: Jon frå Tinn har forfattar Halvor Kleppen teke tak i mytane og forteljingane om Snowshoe Thompson og halde desse opp mot historiske fakta. Nytt kjeldemateriale er òg funne. Boka fortel om livet til Jon frå fødsel til død. Me får eit innblikk i Tinn-samfunnet og kva som gjer at eit utvandrarfølgje derifrå blir det fyrste store frå Austlandet i 1837. Overfarten til Amerika og ikkje minst kva som ventar telemarkingane i det nye landet er godt skildra.

Den viktigaste bolken i boka er sjølvsagt om Jon og livet hans i Amerika. Dette er grundig fortalt og ikkje minst rikt illustrert. Forfattaren har skapt ei levande bok på over 200 sider som fortel om både kjente og meir ukjente delar av Jon sitt liv.

Boka har stive permar og kan tingast ved å ta kontakt med Norsk Skieventyr på tlf. 35069080 eller e-post nse@vtm.no, eller ved å sende inn eit skjema her.

Boka finst òg i sal hjå fleire bokhandlar i Telemark. Ta gjerne kontakt med oss, så hjelper me deg å finne din næraste utsalsstad!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069080

Se også

Kantina til Bjaaland (Museumskafeen i Morgedal), KviteseidTa deg ei pause og nyt deilig mat i kafeen på Norsk Skieventyr - eller kanskje den beste kaffien og "sjavgjort" Italiensk iskrem med smakar av frukt og bær frå Vest-Telemark! 

Norsk Skieventyr i Morgedal, KviteseidSkimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive utstillingar og fartsfylte filmar. I tillegg er der ein fantastisk vasspark for store og små.

Ikke gå glipp av