Kantina til Bjaaland (Museumskafeen i Morgedal)
TypeSelskapslokaler
TripAdvisor Vurderinger
3 AnmeldelserTripAdvisor Vurderinger
3 AnmeldelserTa deg ei pause og nyt deilig mat i kafeen på Norsk Skieventyr - eller kanskje den beste kaffien og «sjavgjort» Italiensk Gelato - iskrem med smakar av frukt og bær frå Vest-Telemark!
Frå 2023 er det Thomas og Hellene Berstad frå populære Bjaaland bygderestaurant som har kafédrifta på skimuseet. Dei har døypt kafeen Kantina til Bjaaland, og tilbyr noko godt å bite i for både lokalbefolkning, forbifarande og tilreisande. Kafédrivarane er opptatt av å bruke lokale ingrediensar så langt det er mogleg, og dei har stor fokus på kvalitet.
Kafeen har ope i museets hovudsesong mellom 1. mai og 15. september. Følg Bjaaland bygderestaurant på Facebook for meir info om sesongvariasjonar og opningstider. Kantina kan óg ta i mot gruppebestillingar utanom sesong.
I tillegg til kafédrift finst det eit lite «landhandelhjørne» med gode smakar frå Vinje bryggeri, lokale råvarer og produkt, samt nokre basisvarer å få kjøpt på staden.
BORDBESTILLING ER MOGLEG VIA HEIMESIDA TIL DRIVARANE: www.bygderestaurant.com
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt i kafétilbodet i Morgedal.
Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til fem-seks personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet finst det benkar og bord, og der er du velkomen til å slå deg ned.
Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.
KONTAKTINFORMASJON:
Ynskjer du å ha selskap på Norsk skieventyr har me lokale som er mogleg å nytte til ulike samankomstar. Treng du møterom til lunsjen kan me tilby rom med plass til opptil 14 personar.
Kontakt Vest-Telemark museum på tlf. 35 06 90 80, eller send ein e-post til booking@vtm.no.
Dersom de kun har spørsmål om meny og bestilling av mat, ikkje museumsbesøk eller selskap/møterom, kan de ta direkte kontakt med Kantina til Bjaaland:
Telefon +47 469 63 631 eller bjaaland@bygderestaurant.com.
Det finst ein eigen meny for grupper/turoperatørar. Gruppemeny gjeld for grupper på minimum 10 personar, der heile gruppa bestiller same meny.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…