Brynestein frå Eidsborg er Noregs fyrste eksportartikkel. Med samanhengande produksjon frå rundt år 700 og fram til 1950, er dette mellom dei lengste bergverks- og industrihistoriene me har. Transporten ut gjekk i hovudsak på Telemarksvassdraget, og slik la denne verksemda grunnlag for ein rik handel og kontakt med omverda. Vest-Telemark Museum i Eidsborg har eiga temautstilling om brynestein.
Så lenge ein har hatt stål har ein hatt bruk for bryne, om det var til å kvesse opp ljå, sigd, nål, kniv, øks, piler eller spyd. Eidsborgbryne er ein skifra kvartsitt som eignar seg svært godt til dette. Den var også lett å drive ut og vart truleg snart ei etablert merkevare. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg også eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite i 1184!
Visste du at det no er funne brynestein på New Foundland som dei meiner kjem frå Eidsborg, og som igjen stadfester norrøn busetnad i Amerika rundt år 1000? Brynesteinen frå Eidsborg er ei heilt særmerkt historie, og kan fortelje oss om handel, kontakt og hendingar langt attende i tid.
Brynesteinen blei fyrst frakta med hest ned til Lastein bryggje på Dalen, og deretter rodd ned vassdraget eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrota i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt inn- og utland med god brynestein.
Eidsborgbryne vart tidleg etablert som ei fast vare i Nordsjø-handelen, og er i dag ei svært viktig kjelde innan arkeologien for å forstå handelsruter og samkvem frå til dømes vikingtid og mellomalder. Og stadig vert det gjort funn og nye analyser som gjev ny kunnskap. Pågåande forskingsprosjekt no er eit postdoktorprosjekt ved Irene Baug ved Universitetet i Bergen og Dr. James H. Barret ved Cambridge, som begge har Eidsborgbryne som kjeldemateriale for sine studie av handelsvegar i vikingetid. Som del av desse studia vert sjølve steinen analysert, slik at ein kan vere sikrare på opphavet til steinen. Vest-Telemark Museum har bistått arbeidet, og me gler oss veldig til å sjå resultata.
Frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg går det turstig opp til eit av brynesteinsbrota. Turen er tilrettelagd med skilting og informasjon undervegs.
Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv 450 og skilting til Vest-Telemark museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du Fv 450 mot Høydalsmo. Sjå etter skilt til Vest-Telemark museum og Eidsborg stavkyrkje.
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av "Fotobonden" Jostein Hellevik, og ei…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…