For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk regionen
Urbane Telemark
Telemarkskysten

English

Norsk

Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

TypeOpplevelsessenter

Vårstaulv 2, 3848, Morgedal

Legg Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal til i reiseruten din.

Fra NOK 50,-
Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

Om

Sjå Stine Hartmanns rapport frå bl.a. Norsk Skieventyr i Den Moderne Askeladdens Dag 1 (16. mai 2017)!

Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal
Den beste staden for å oppleve Morgedal sin historie er på skimuseet. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei multimedia-reise som startar 4 000 år tilbake, og endar med dagens snowboardere og twintip-utøvarar.

Museet byr på glimt frå Morgedal i 1850-åra, generell skihistorie og historia om Sondre Norheim, vidare fortel utstillingane om kappløpet mot Sørpolen, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip.

Til slutt: i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!

Les meir om utstillingane her


Norsk Skieventyr, meir enn bare skimuseum
I skimuseet finn du også Kafé med ein spennande meny med rettar av lokale råvarer. Vi tilbyr også selskapslokale og catering.

I kafeen er det leikekrok der ein kan ein bygge med Lego/Duplo og ha hopprenn i ein liten hoppbakke. Sjå film frå leikekroken her.

Den store museumsbutikken har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne ser at du får med deg det beste av Morgedal.
Det er gratis internett-tilgang.

Den fyrste vinterolympiske fakkelstafetten
Utanfor Skieventyret, ute i vatnet, lyser den olympiske elden. Elden blei tent fyrste gongen her i Morgedal føre Vinter-OL i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.

Flott gåtur til Øverbø, staden Sondre Norheim vaks opp
Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge.

Velkommen til Norsk Skieventyr!

Fasiliteter

Aktiviteter

  • barneaktiviteter
  • sykkeltur
  • fiske i vann
  • fotturer
  • bading

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale
  • museumsbutikk

Mat og drikke

  • smørbrød
  • middag
  • grill
  • lunch
  • uteservering
  • tradisjonsmat

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Barn 5-15 årNOK 50,- pr. person
FamiliebillettNOK 250,- 1 dag
Grupper min. 10 pers. Kr. 500,- pr. gruppe i omvisargebyr.NOK 80,- pr. person
Honnør/student alleNOK 80,- pr. person
Voksne (fra 16 år)NOK 100,- pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 80

Åpningstider

Sesong (15 Jun 2018 - 15 Aug 2018)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 18:00
Sesong (16 Aug 2018 - 31 Aug 2018)
DagTider
Mandag - Fredag10:00 - 17:00
Lørdag11:00 - 17:00
Søndag11:00 - 18:00
Sesong (1 Sept 2018 - 16 Des 2018)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Fredag10:00 - 17:00
Lørdag11:00 - 17:00
Søndag11:00 - 18:00

Også i nærheten

  1. Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.39 km Unna
  2. Kviteseidbyen

    Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra...

    9.36 km Unna
  3. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    12.26 km Unna
  1. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På...

    12.33 km Unna
  2. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og...

    12.98 km Unna
  3. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan?

    14.80 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Øyfjell Bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse...

    16.55 km Unna
  5. Veteranbåten MS Fram, Vrådal

    Veteranbåten M/S Fram seiler sightseeingturer fra Straand Brygge i Vrådal. Båten går i...

    17.75 km Unna
  6. Tokke Kraftverk

    Kraftstasjon med omvising for grupper på førespurnad.

    21.83 km Unna
  7. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    21.93 km Unna
  8. Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    22.47 km Unna
  9. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    22.57 km Unna
  10. Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    22.58 km Unna
  11. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    22.60 km Unna
  12. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    22.67 km Unna
  13. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    23.15 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark Museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

From the Winter, Sondre's cabin with original skis outsideØverbø, KviteseidØverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av