Utforsk Telemark

EN

NO

Skinnarlandsamlinga i Rauland

TypeSkulpturer

Nedre Såtehov 4, 3864, Rauland

Legg Skinnarlandsamlinga i Rauland til i reiseruten din.

Fra NOK 40,00
Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum, Knut Skinnarland.
  • Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum, Knut Skinnarland.
  • Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Kopi av atelieret til Knut Skinnarland, Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Utstilte skulpturar av Skinnarland, Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Kopi av atelieret, Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • To kvinner, skulpturar av Skinnarland
  • Inngangspartiet til Skinnarlandssamlinga, Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Sommarutstilling ved Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum.
  • Skinnarlandsamlinga i Rauland, Vest-Telemark museum.

Om

Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.


Knut Skinnarland (1909-1993)
Knut Skinnarland var av dei fremste norske bilethoggarane i sin generasjon.

Han vart fødd på Rauland, og var bl.a. på husflidsskule på Dovre i 1933-35. Seinare gjekk han på kunst- og handverksskule og kunstakademi i Oslo og København. Knut Skinnarland debutera på Haustutstillinga i 1945.

Frå 1948 var han knytt til restaureringsarbeidet av Nidarosdomen og utførte om lag 30 arbeid der Abraham og Isak på Vestfronten kanskje er det mest kjende.

Av arbeid elles kan ein nemne fiskarmonumentet i Ålesund og i Akureyri på Island, monumentet over A.O. Vinje og over Sondre Nordheim.

Knut Skinnarland var lærar ved Akademiet på Rauland 1978-80, og fekk Telemark fylke sin kulturpris i 1979.

Særutstilling
Kvart år er det ein særutstilling ved Skinnarlandsamlinga, med verk av aktuelle kunstnarar som også er til sal.
Tilskipar er museets nærstyre og vener av Skinnarlandsamlinga.

Les også: Dei fire store - Bilethoggarar frå Vest-Telemark

Museet er ope i sommarsesongen.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf: 30509090

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • åpent utenom åpningstid, etter avtale

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Barn 6-15 årNOK 40,00 pr. person
Familiebillett (2+2)NOK 200,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 700,-NOK 60,00 pr. person
Honnør/studentNOK 60,00 pr. person
Voksne (fra 16 år)NOK 80,00 pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Sesong (25 Jun 2022 - 14 Aug 2022)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

* Utanom sesong kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.

Også i nærheten

  1. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    123 m Unna
  2. Telemarkstunet ved Raulandsakademiet

    Handverksutstilling, handverkarverkstadar, sommarkafè, steinomnsbakeri, konsertar og…

    443 m Unna
  3. Raulandsakademiet

    Raulandsakademiet er et kurssenter, vandrerhjem og et levende bygdetun.

    453 m Unna
  1. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    14.71 km Unna
  2. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er et nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    14.88 km Unna
  3. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    15.33 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.08 km Unna
  5. Hardangervidda Nasjonalparksenter

    Hardangervidda Nasjonalparksenter har en prisbelønnet interaktiv utstilling om natur og…

    19.76 km Unna
  6. Myllarheimen

    Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…

    20.17 km Unna
  7. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    22.09 km Unna
  8. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    24.82 km Unna
  9. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    25.45 km Unna
  10. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    25.48 km Unna
  11. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    25.62 km Unna
  12. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    25.66 km Unna
  13. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    27.49 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av