
År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gått sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for findalslaft eller findalshogg, som berre i nokre få tilfelle har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349.
Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder «Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)», og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Dei siste prøvene som er tatt av loftet syner at det truleg er frå 1184. Det er 17 år yngre enn det som kom fram under ein tidlegare NIKU-datering, men loftet kan framleis kallast eit av dei eldste trebygga i verda.
Stålekleivloftet er ein høg og staseleg bygning i dag, men opprinneleg var denne endå meir imponerande. Undersøkingar viser at det opprinneleg var ei takhøgde på vel tre meter i andre høgda, altså 60 cm høgare enn i dag. Rundt 1225 fekk loftet påbygd svalgang rundt andre høgda. Neste inngripande endring var då loftet vart lyft opp frå bakken og sett på stabbar og grime. Dette var i 1772. Tidleg på 1800-talet vart loftet kjøpt frå Lofthus til Vindlaus, og då heitest det at den nye eigaren ikkje tok seg råd til å leggje fullt tak og sette opp loftet utan svalgang. No vert svalgang reetablert for å sikre og ta vare på bygningen betre.
Sjå 3D-modell av Stålekleivloftet: Stålekleivloftet 3D
Alderen er ikkje det einaste som er spesielt med loftet. Ifylge folketrua er bygningen det fyrste loftet som vart sett opp i Eidsborg, og det var ikke for kven som helst. Rundt 1200 eigde Åse Stålekleiv det meste av bygda, og var særdeles rik. Ho trengde ein stad å huse alt linet sitt, så sønene hennar bygde eit stort loft til dette formålet. Difor er loftet i daglegtale kalla Stålekleivloftet. Området ved loftet vart etter kvart ein eigen gard, kalla Lofthus. Derifrå vart loftet flytta til Vindlaus.
Utforsk Eidsborg stavkirke! En 800 år gammel kulturskatt. Nå datert til før 1150! Se…
Oppdag Vest-Telemark Museum! Se Eidsborg stavkirke, Stålekleivloftet (1167),…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Besøk Norsk Skieventyr i Morgedal – skimuseum, skisimulator, vasspark og utstillinger om…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…