For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Ja takk - begge delar!

TypeTekstside

Vest-Telemark Museum, Eidsborg, 3880, Dalen

Legg Ja takk - begge delar! til i reiseruten din.

Utstilling Ja takk begge delar

Om

Frå 5. januar til 15. mars 2015 synte museet i Eidsborg ei fleirmedial utstilling om musikken og historia til Noreg sine fem nasjonale minoritetar: jødar, kvenar, rom, romanifolket og skogfinnar.

I utstillinga møter me musikarar som utforskar sine musikalske røter saman med moderne musikalske uttrykk. Det er jødisk rap, skogfinsk blues og kvensk pop, men også urgamle ritual og tradisjonsmusikk som blei overlevert gjennom mange generasjonar.

Musikken speglar dei gamle kulturane, men også den mange hundreår lange undertrykkinga minoritetsbefolkninga er blitt utsett for, spesielt under «fornorskingspolitikken», i okkupasjonstida og heilt fram mot 1980-talet.

Bileta ovan for syner m.a. den jødiske fiolinisten Jacques Maliniak og den kvensk-samiske artisten Kristin Mellem.

Jacques Maliniak var kjent som komponist og orkesterleiar i Noreg på 1920- og 1930-talet. Han blei sendt til Auschwitz saman med mange andre norske jødar i 1942 og døde der. (Foto: Det jødiske museum i Trondheim)

Kristin Mellem (f. 1965) er busett i Tromsø og ser seg sjølv i ljos av tre tradisjonar: den kvenske, den samiske og den norske. Ho er både komponist og felespelar og leiar folkemusikkgruppa «Vajas» (samisk for ekko). (Foto: Gunnar Mellem).

Utstillinga er laga av Ringve Musikkmuseum i Trondheim.

Sundag 22. februar kl 16 heldt Kjell Bitustøyl eit føredrag om samanes kulturtradisjon i Vest-Telemark.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

0047 35 06 90 90

Også i nærheten

  1. Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    0 m Unna
  2. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    31 m Unna
  3. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    64 m Unna
  1. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)...

    116 m Unna
  2. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom...

    193 m Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    207 m Unna
  4. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    236 m Unna
  5. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    918 m Unna
  6. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    2.36 km Unna
  7. Draumkvedet - utstilling med Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedutstilling på Grimdalstunet i Skafså.

    7.42 km Unna
  8. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i...

    7.55 km Unna
  9. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for....

    10.56 km Unna
  10. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i...

    14.62 km Unna
  11. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.94 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    22.59 km Unna
  13. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    På Norsk Skieventyr i Morgedal opna det i 2018 ei utstilling om skimakaren Asmund Kleiv.

    22.59 km Unna
Previous Next