For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Eidsborg stavkyrkje

TypeKirke

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

TripAdvisor Vurderinger

TripAdvisor Vurderinger - 26 Anmeldelser26 Anmeldelser

Legg Eidsborg stavkyrkje til i reiseruten din.

Fra NOK 50,00
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.

Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen var det meir enn 1500 stavkyrkjer. Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270 og er ei av landets 28 bevarte stavkyrkjer.
 

Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene me har att. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St.Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.

Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru, mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid.

I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt ved Vest-Telemark Museum.

Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gudstenester og brurevigslar i perioden mai – september, sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no  

I sommarsesongen (juni, juli og august) er det omvising til faste tider fleire gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.

Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
E-post: booking@vtm.no    Tlf: 35069090

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

TripAdvisor

TripAdvisor Traveller Vurdering:

4.5 of 5 stjerner
    • Ypperlig
      10
    • Svært bra
      14
    • Gjennomsnitt
      2
    • Dårlig
      0
    • Forferdelig
      0

    Siste anmeldelser:

    • hannepanneno
      Tønsberg, Norge
      Type reise:
      Familie
      Imponerende!
      5 of 5 stjerner
      Mandag, 13. Juli 2020
      Fantastisk flott stavkirke! Dyktig guide tok oss gjennom historien i korte og enkle trekk. Kirken er godt vedlikeholdt, liten og intim. Det anbefales å besøke kirken! Les hele anmeldelsen
    • Trehar
      Bergen, Norge
      Eidsborg stavkyrkje
      4 of 5 stjerner
      Søndag, 16. August 2020
      Staselig stavkyrkja, ein av to i Telemark. Fekk omvising med gruppe. Innvendig er veggene dekorert med maleri. Verdt eit besøk. Les hele anmeldelsen
    • Kjeros
      Oslo, Norge
      Type reise:
      Par
      Norges vakreste?
      5 of 5 stjerner
      Mandag, 17. August 2020
      Den vakre kirken ligger på en høyde med utsikt over den vakre bygda som omkranser et tjern. Kirkegården er velordnet og særdeles velstelt. Les hele anmeldelsen

    Pris fra

    BillettypeBillettavgift
    Årskort familie. Gjeld alle våre museum, kanalpark og 50% på arr..NOK 700,00 per år
    Årskort person Gjeld alle våre museum, kanalpark og 50% på arr.NOK 400,00 per år
    Born 6-15 år Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 50,00 kombinasjon billett
    Familiebillett Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 250,00 1 dag
    Grupper min. 10 pers. Museum og stavkyrkje. Omvisargebyr kr 500,-NOK 80,00 kombinasjon billett
    Honnør/student Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 80,00 kombinasjon billett
    Vaksne (frå 16 år) Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 100,00 kombinasjon billett

    NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

    Kart

    Kontakt

    +47 35 06 90 90

    Åpningstider

    Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2020 - 31 Des 2020)
    DagTider
    Sommarsesong (1 Mai 2021 - 15 Sept 2021)
    DagTider
    Mandag - Søndag10:00 - 17:00
    Omvising i kyrkja sommarsesong (15 Jun 2021 - 15 Aug 2021)
    DagTider
    Mandag - Søndag12:00
    14:00
    16:00

    * Omvising i kyrkja utanom sommarsesong etter behov/avtale.

    Også i nærheten

    1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

      Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

      18 m Unna
    2. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

      Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
      Loftet på…

      105 m Unna
    3. Vest-Telemark Museum Eidsborg

      Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

      236 m Unna
    1. Vil du gifte deg?

      Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

      250 m Unna
    2. Statkraft visingssenter i Eidsborg

      Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

      269 m Unna
    3. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

      I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

      965 m Unna
    4. Dalen Bryggjeutstilling med "Fotobonden"

      Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av "Fotobonden" Jostein Hellevik, og ei…

      2.19 km Unna
    5. Draumkvedet - måleri av Karl Erik Harr

      Karl Erik Harr si Draumkvedet-utstilling på Grimdalstunet i Skafså.

      7.35 km Unna
    6. Grimdalstunet

      Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

      7.48 km Unna
    7. Åmdals Verk gruver

      Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

      10.39 km Unna
    8. Øyfjell bygdemuseum

      Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

      14.66 km Unna
    9. Øverbø - Sondre's heim

      Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

      20.83 km Unna
    10. Norsk Skieventyr i Morgedal

      Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

      22.47 km Unna
    11. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

      Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

      22.47 km Unna
    12. Vinje biletgalleri

      Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

      23.90 km Unna
    13. Knut Skinnarland - skulptursamling i Rauland

      Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

      25.66 km Unna
    Previous Next

    Se også

    Vest-Telemark Museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

    Brynesteinsbrotet i Eidsborg, TokkeI 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Sjå innhaldsrik brynesteinsutstilling på Vest-Telemark Museum Eidsborg og vandre opp i brota.

    Museumskafé Eidsborg, TokkeMed flotte, ljose lokale med utsyn mot bygdetunet og Eidsborg Stavkyrkje er kafeen ved VTM Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit eller ein kortreist middag. Ope for bestilling (grupper og selskap) heile året.

    Brynesteinsvandring, TokkeSpennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinsbrotet. Få med deg brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark Museum Eidsborg fyrst.

    Ikke gå glipp av