For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Luca Berti: Vest-Telemark i det 21. hundreåret

TypeTekstside

Vest-Telemark Museum, 3880, Dalen

Legg Luca Berti: Vest-Telemark i det 21. hundreåret til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Kan hende du har sett han? Somrane 2013, 2014 og 2015 har den italiensk-danske fotografen Luca Berti reist gjennom bygdene i Vest-Telemark. Han har fotografert landskap, plassar og menneske i svart/kvitt storformat med sitt store analoge Linhof-kamera. Resultatet kunne du sjå i “haustutstillinga” i Eidsborg i 2015, som stod til våren 2016. Delar av utstillinga kunne du sjå også i 2017.

Fotografia er del av eit større prosjekt med tittel “Menneske og natur”. Det byrja i 2012 med utstillingar av fotografi frå øyane Ærø og Læsø i Danmark. I Noreg har Berti bl.a. hatt ei stor utstilling ved Norsk Folkemuseum (“Folk og Natur i Norge”, 2014) og ved Hørte Dampfarveri (“Telemark i det 21. hundreåret”, 2015). Prosjektet omfattar også stader i Sverige, Latvia og Ungarn.

Luca Berti er oppteken av det faktum at landsbygda blir utsett for det moderne samfunnet sine radikale verknader: fråflytting, fokus på urbane livsformer og brestar i høve mellom menneske og natur. Kva er det som varer – til tross for omveltingane? Fins det noko som er stabilt, ein kontinuitet som blir oversett?

Berti freistar å finne situasjonar av stor venleik, som hjelpar oss å “gjenoppdage” det me ikkje ser i våre omgjevnader av di vanen sløvar sansane.

Ein fotobok med bileta frå utstillinga er å få kjøpt i museumsbutikken. Pris kr. 250,-. Du kan tinge boka ved å ringe 35069090 eller sende ein epost til post@vtm.no.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

Ingen resultater funnet

Ikke gå glipp av