For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

SPIT eller Kjærleik og strømper

TypeTekstside

Eidsborg, 3880, Dalen

Legg SPIT eller Kjærleik og strømper til i reiseruten din.

SPIT eller Kjærleik og strømper

Om

“All you knit is love” skreiv Anne Spånem ein gong og påstod at det var det the Beatles eigentleg sang om. I ei stor utstilling sommaren 2016 freista Vest-Telemark Museum å bevise påstanden. Utstillinga var laga med utgangspunkt i “fillehaugen” til kunsthandverkar og forfattar Annemor Sundbø, som held til i Setesdal ved Ose vev- og strikkestoge.

Då Annemor overtok strikkefabrikken Torridal Tweed og Ulldynefabrikk ved Kristiansand i 1983, fann ho ein stor haug med “fillur” meint for å bli rive sund i ei stor maskin. Sidan då har ho samla og forska på gamle strikkeplagg. Utstillinga set fokus på strømper, raggsokkar og stasplagg for føtane. Fleire hundre par blir vist fram, i alle tenkjelege fasongar, fargar og mønstre.

I tillegg fekk ein sjå verdas største raggsokk som er nesten 4 m lang. Den blei strikka av kvinner i Det Norske Misjonsselskap i 2004, til feiring av at det var 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i organisasjonen.

 

I mai 2016 kom Annemor Sundbø (bilete) til museet for å fortelje om strikkingas historie generelt, og om strikksokkar spesielt.

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

Ingen resultater funnet