For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

TypeHistoriske bygninger/miljø

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Vindlausloftet - verdas eldste bygg? til i reiseruten din.

Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

Om

År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gjenge sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for finndalslaft eller finndalshogg, som ikkje har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349. Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder ”Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)”, og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Då loftet vart datert av NIKU i 2006 viste det seg at tømmeret vart felt kort tid etter 1167. Det gjer loftet til det eldste verdslege trebygget i landet - truleg verda!

Alderen er ikkje det einaste som er spesielt med loftet. I fylge folketrua er bygningen det fyrste loftet som vart sett opp i Eidsborg, og det var ikke for kven som helst. Rundt 1200 eigde Åse Stålekleiv det meste av bygda, og var særdeles rik. Ho trengde ein stad å huse alt linet sitt, så sønene hennar bygde eit stort loft til dette formålet. Difor er loftet i daglegtale kalla Stålekleivloftet. Området ved loftet vart etter kvart ein eigen gard, kalla Lofthus. Derifrå vart loftet flytta til Vindlaus rundt 1840.

 

Les sagnet om Åse Stålekleiv.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    97 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    105 m Unna
  3. Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Stod ved museet i…

    116 m Unna
  1. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    147 m Unna
  2. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    180 m Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    182 m Unna
  4. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    974 m Unna
  5. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling…

    2.24 km Unna
  6. Draumkvedet - måleri av Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedet-utstilling på Grimdalstunet i Skafså.

    7.34 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.48 km Unna
  8. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.44 km Unna
  9. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.68 km Unna
  10. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.92 km Unna
  11. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    22.56 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.56 km Unna
  13. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    23.80 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av