Strategiar og langsiktige planar for 2020-2022
Stiftinga Vest-Telemark Museum skal sikre eit stabilt og mangfaldig kunst- og kulturtilbod med vekt på kunstnarleg og fagleg kvalitet, og at materiell og immateriell kulturarv frå fortid og samtid vert bevart og gjort tilgjengeleg for ettertid.
Stiftinga Vest-Telemark Museum skal stimulere til ivaretaking og nytenking ved bruk og utvikling av lokale ressursar.
Dette skal skje ved å gje kunnskap om, forståing for og oppleving av kultur- og kunsthistoria til Vest-Telemark på ein måte som viser både kontinuitet og endring, samanheng og forskjell.
Vest-Telemark Museum skal
-trygge og auke driftsgrunnlaget for verksemda, sikre gode arbeidstilhøve og fysiske rammevilkår.
- arbeide målretta for å betre katalogiseringa, sikringa og bevaringa av samlingane.
- leggje til rette for forsking og formidling i tilknyting til samlingane.
- nå ut til alle grupper med særskild vekt på barn og unge.
- halde vedlike sine bygningar og kulturlandskap for ettertida.
Resultatmål drift og utvikling
Vest-Telemark Museum skal trygge og auke driftsgrunnlaget for verksemda, sikre gode arbeidstilhøve og fysiske rammevilkår.
• vidareutvikle Norsk Skieventyr og VTM – Eidsborg som faglege og opplevingsmessige fyrtårn
• arbeide for nytt regionalt kunstmuseum med magasin og utstillingsareal etter museumsfaglege standardar
• utvikle kafè- og anna salstilbod, auke samla salsinntekter til kr. 4 mill. i 2020
• prioritere marknadsarbeidet og setje av 2 % av driftsbudsjettet til dette
• styrke faglege ressursar innan formidling, vedlikehald og kjeldearbeid
• gjennomgå organisasjonsplan og ansvarsområde
• kurse og vidareutdanne personalet
• vere aktiv deltakar og utviklar av faglege nettverk
• vidareutvikle HMS/IK-planarbeidet
Resultatmål samlingsarbeid
Vest-Telemark Museum skal arbeide målretta for å betre katalogiseringa, sikringa og bevaringa av samlingane.
• drifte fellesmagasinet for VTM og samlingane på alle einingar
• følgje klare rutiner for god samlingsforvaltning i samsvar med standarden SPECTRUM
• prioritere revisjon av gjenstandsregistreringane
• følgje vedteken samlingsforvaltningsplan for VTM
• gjennomføre ei restriktiv innsamling med prioritering av dei tematiske satsingsområda folkekunst og skikultur, 1900-talsmateriale
• gjere samlingane fortløpande tilgjengeleg for publikum, særskild gjennom DigitaltMuseum
Resultatmål forsking og dokumentasjon
Vest-Telemark Museum skal leggje til rette for forsking og formidling i tilknyting til samlingane.
• prioritere oppfølging av faglege førespurnader innan våre fagfelt
• stimulere til forsking innan våre fagfelt gjennom å setje av eigne ressursar og utarbeide problemstillingar for masterstudentar og andre
• vidareføre stipendordninga for forsking på kultur- og kunsthistoriske tema frå regionen
• stille våre kjelder digitalt tilgjengeleg
Resultatmål formidling
Det samla museumstilbodet skal nå ut til alle
• utvikle og produsere utstillingar, aktivitetar, arrangement og publikasjonar som stimulerer til oversyn, forståing og kritisk refleksjon
• legge museets faste arenaer til rette for publikum generelt, og grupper med særskilde behov spesielt
• prioritere aktivitetsbasert læring basert på fysisk rekvisittbruk, audiovisuell/digital stimulering og bruk av sosiale medium
• vektlegge pedagogisk tilrettelagt formidling til born, unge og innvandrarar og samarbeid med undervisningsinstitusjonar, vaksenopplæring og DKS
• utvikle heimesida som informasjons- og formidlingskanal for museet
• lære opp sesongtilsette formidlarar og utarbeide/fornye guideressursar
Resultatmål vedlikehald og sikring
Vest-Telemark Museum skal halde vedlike sine bygningar og kulturlandskap for ettertida.
• gjennomføre prioriterte vølingar antikvariske bygg og kulturlandskapstiltak
• utarbeide vedlikehaldsplan med oversyn over treg, prioriteringar og løysingar
• etablere ei realistisk rullering for vedlikehaldet
• styrke kompetansen innan bygningsvern
• følgje opp vedteken sikringsplan og rutiner