
«Akkurat her, akkurat no» er ein ny konsertproduksjon og ein interaktiv folkesongkonsert som tek sikte på å vere ny kvar gong konserten framførast. Kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt vil nytte sitt store repertoar og sin kunnskap om kulturhistoria rundt – og ikkje minst historiene som finst inni songane – som utgangspunkt for ei song- og forteljarstund der publikum vil bestemme retninga for konserten. Målet er å skape ein ny konsert kvar gong – og idéen til konserten er inspirert av slike tradisjonelle songstunder som det diverre vert færre og færre av rundt omkring. I tillegg vil konserten opne opp kjende og meir ukjende folkesongar og deira historier til nye publikummarar.
Som medmusikar har Ingebjørg Lognvik Reinholdt fått med seg Mattis Kleppen. Han er kjend som ein innovativ bassist innanfor folkemusikk, der slåttespel på bass har blitt hans varemerke. Kleppen er òg ein god forteljar og glad i det improvisatoriske og spontane. Samspelet mellom Lognvik Reinholdt og Kleppen – både med tanke på det reint musikalske, men òg det improvisatoriske og spontane – vil utgjere ein spennande utgangspunkt for konsertane.
Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein allsidig folkesongar med varm, klar stemme og djup kjennskap til Telemarkstradisjonen. Ho har vore kvedar sidan barndommen, skapt fleire framsyningar – mellom anna Songen om Guro Heddelid for Riksscenen – og gjeve ut 4 album som solist, bl.a. soloplata Klokkur som ringjer deg heim, som vart nominert til Folkelarmpris.. I 2024 var ho programleiar og musikalsk ansvarleg for NRK-dokumentaren Draumkvedet – ein thriller frå mellomalderen.
Mattis Kleppen
Bassist og komponist Mattis Kleppen kombinerer Telemarkstradisjon med impulsar frå Vest-Afrika i si særeigne og nyskapande bassgitarspeling. Med doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid, seks eigne album og både Folkelarmpris og Landskappleik-sigrar, er han ein av dei mest særmerkte musikarane i feltet.
Denne kvelden møtest Ingebjørg og Mattis i si felles fascinasjon for Telemarks folkemusikk. Publikum får høyre både groovy dansetakter og vare viser – solo og i samspel – frå eit av landets rikaste tradisjonsområde.
Inngangspris: kr. 250,- (Halv pris med museets årskort)
Under 16 år: 150,-
Under 10 år: gratis
Billettar kan kjøpast på museet før konsertstart.
Konserten skjer i samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter.
| Konsert på Vest-Telemark museum Eidsborg (12 Apr 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Søndag | 16:00 | - 17:30 |
Oppdag Vest-Telemark Museum! Se Eidsborg stavkirke, Stålekleivloftet (1167),…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Utforsk Eidsborg stavkirke! En 800 år gammel kulturskatt. Nå datert til før 1150! Se…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Besøk Norsk Skieventyr i Morgedal – skimuseum, skisimulator, vasspark og utstillinger om…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…