KONSERT I EIDSBORG
Kammermusikk av Olav Kielland med ensemble Fragaria Vesca
Ensemblet består av
Tor Johan Bøen, fiolin/hardingfele
Inga Gorset, fiolin
Bénédicte Royer, bratsj
Benjamin Lund Tomter, cello
Olav Kielland (1901-1985) var ein særs dyktig dirigent og komponist. Da han flytte til Bø i Telemark seinsommaren 1941, var det for å studere hardingfeleslåttene i Telemark, flytte familien vekk frå Oslo og få arbeidsro. I Bø kom han i nær kontakt med forfattarar, soge-forteljarar, kvedarar, spelemenn og Telemarksnaturen. I 1943 fikk han kjøpt garden Raudmyr i Øvre Bø der han budde resten av livet.
To av inspirasjonskjeldene og kollegaene var Eivind Groven og Torkjell Haugerud. Kielland ønskja å utvikle eit tonespråk basert på folkemusikkens harmonikk, motiv og rytme. Kielland såg moglegheiter i hardingfela sitt høve til polyfont spill. Dette ønskja han å utvikle og overføre til andre sjangrar.
Studiane prega gradvis Kielland sitt tonespråk, og verket 7 slåttar for hardingfele, komponert 1943-53, var kjernen i dette. Form, musikalske motiv og tema til slåttane er originale. Også kammermusikken han skreiv for strykarar blei prega av studiane.
Inngang: kr. 200,-
Billett kjøpast i døra.
Kammermusikk på museet i Eidsborg (11 Mai 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Søndag | 16:00 | - 17:00 |
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…