Utforsk Telemark

EN

NO

Konsert: Evigvarande folketonar

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Konsert: Evigvarande folketonar til i reiseruten din.

Plakat for konsert med Lina Haugholmen og Herman Gautefald på museet i Eidsborg

Om

«Evigvarande folketonar» er ein konsert med lokale utøvarar.

Folkemusikar og felespelar Herman Gautefald og songar Lina Haugholmen har valt å kalle duokonseptet sitt for «Evigvarande folketonar».
- Det er ein vakker miks av kjende og nokre ukjende folketonar, slåttar og religiøse folketonar, og mange av folketonane er frå Vest-Telemark, seier Lina.

- Vi vekslar på å fortelje litt om songane og musikken og fremføre den. 

Om utøvarane:
Herman W. Gautefald kjem opprinneleg frå Helle i Kragerø. Han spelar både fele og hardingfele. Han bur i Kviteseid og jobbar som lærar ved Kvitsund gymnas. Herman har også tatt eit årsstudium i folkemusikk på Rauland.
Han har hatt mange folkemusikkonsertar og opptredenar rundt om i fylket og elles i landet.
Her er nokre av hans merittar:
Landskappleiken 2025: Herman Gautefald og Lisa Haugeland vann ei klasse (spesifikt fele/dans) på Landskappleiken.
Herman vann óg klassa for eldre fele under Landskappleiken på Røros i 2017.


Lina Haugholmen kjem også frå Helle i Kragerø, men ho har budd dei siste 21 åra på Austheii i Tokke kommune.

Lina har opptredd som songar på mange ulike arrangement innanfor kultur og kyrkjeliv i Vest-Telemark dei siste ti åra. Ho har sunge i private tilstellingar, på kafear, kunståpningar og ho har hatt ei rekkje konsertar.
Lina likar mykje forskjellig musikk, men folkemusikken er favoritten òg hovudsjangeren hennar. Ho har alltid vore svært begeistra for dei vakre og spesielle tonane ein finn i folkemusikken.
Ho samarbeider med fleire kjende musikarar i fylket, og ho har fleire musikalske samarbeid gåande på samme tid. 

Inngang: Kr. 200,- 

Billettar kjøpast på staden rett før konsertstart.
 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Velkomen til konsert på museet i Eidsborg (4 Okt 2026)
DagTider
Søndag16:00 - 17:15

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Oppdag Vest-Telemark Museum! Se Eidsborg stavkirke, Stålekleivloftet (1167),…

    31 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    64 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…

    116 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Utforsk Eidsborg stavkirke! En 800 år gammel kulturskatt. Nå datert til før 1150! Se…

    208 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…

    919 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.52 km Unna
  5. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  6. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.55 km Unna
  7. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.62 km Unna
  9. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    20.23 km Unna
  10. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  11. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.94 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Besøk Norsk Skieventyr i Morgedal – skimuseum, skisimulator, vasspark og utstillinger om…

    22.59 km Unna
  13. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av