Krevjande tur spekka med kultur og historie.
Frå starten av sherpatrappa og opp til Rui er det 1 km å gå, 810 trappertrinn, 200 høgdemeter, ca 20-30 minuttar vandring ein veg. Turen heilt fram til Vest-Telemark Museum i Eidsborg er 5 km, ca. 2 timar ein veg.
For å komme til Rui går du i Rui-jentenes fotspor frå Dalen på eit kunstverk av ei trapp, laga av sherpaer frå Nepal. «Beintsteberg» blir stien kalla lokalt, som tyder den beinaste (kortaste) vegen opp berget. Mykje arbeid er lagt ned i trappa, og opplevinga med først å gå i vakre trappa som snirklar seg opp berget, som om den alltid har ligge der, for så å komme opp i høgda til Rui-plassen er heilt unik.
Turen startar på steintrapp frå Dalen sentrum, du ser starten på trappa over vegen for Dalen B&B, ved ambulansestasjonen. Steinen du går på er brynestein; lokal kvartsskifer henta frå Omdal skifer. Brynestein frå Eidsborg er Noregs eldste eksportprodukt, frå vikingtid fram til 1950 blei millionar av bryner frakta ned vassdraget (Telemarkskanalen) og ut i den store verda.
Du kan også gå frå Lastein Bryggje (Dalen). På bryggja legg båtane på Telemarkskanalen til, om sommaren er det her flott utstilling på Dalen Bryggjeutstilling og servering på Lastein Bryggjekafe. God plass til parkering både på bryggja og i sentrum, i sentrum anten ved Coop eller oppe ved turistkontoret.
Går du frå Dalen sentrum bør du få med deg Rui-jentene som om sommaren står ved fortauet utanfor turistkontoret. Dei er avbilda i full storleik – om lag 1.20 meter høge. Turistkontoret har turbrosjyre og gode turtips, velkommen innom!
Guida tur til Rui på faste dagar i sommarsesongen, elles i året etter avtale, kontakt oss på turistkontoret.
Frå starten av trappa og opp til Rui er det 1 km å gå, 810 trappertrinn, 200 høgdemeter, ca 20-30 minuttar vandring. Turen heilt fram til museet i Eidsborg er 5 km, ca. 2 timar.
I løpet av turen får du med deg fantastiske utsiktspunkt og historiske stader som Riarhamaren og Rui. Informasjonstavler og tilrettelagde kvileplassar undervegs.
Ta deg god tid opp liane. Ser du etter, vil du finne ein spanande flora med innslag av mange varmekjære planter.
Rui-plassen er i privat eige. Det er ikkje lov å campe på Rui eller i området rundt, verken i telt eller hengekøye. Sykkel på Rui er heller ikkje greit. Familien Haukelidsæter legg ned mykje arbeid på å skjøtte bygningar og kulturlandskap, og halde Rui-plassen open og tilgjengeleg for oss alle, noko me er svært takknemlege for❤️
Vis omsyn til bygningar og kulturlandskap, ta med søppel heim og ingen camping.
Har du Eidsborg som mål kan du avslutte dagen med eit besøk på flotte Vest-Telemark Museum og museumskafeen. Her ligg óg ei av landets minste og flottaste stavkyrkjer, Eidsborg Stavkyrkje. Rui-jentene ligg gravlagd saman med far Johan ved Eidsborg Stavkyrkje.
Har du framleis att energi vel framme i Eidsborg kan du ta deg ein tur opp til Brynesteinbrotet Brunåslid, ein tur på 4 km. Historia om «Brynestein frå Eidsborg» er skildra inne på museet.
Turfakta:
Tilgjengeleg: april – oktober
Turkart: Miniguide Dalen - Rui - Eidsborg / Turkart Tokke 1 : 50000
Lengde: 1 km til Rui/ 5 km til Eidsborg (ein veg)
Gradering: Raud (krevjande)
Totale høgdemeter: 468
Skotøy: Gode tursko
Høgaste punkt: Eidsborg 540 moh
Les meir om Rui-jentene:
Boka om "Rui-jentene som kom til Kongen" er til sals på turistkontoret.
Les om Rui-jentene på telemarkshistorier.no
Telemarkspodden: Rui-jentene - arven etter Ingerine og Gurine
Trapp opp formen! Her er Noregs lengste, flottaste og mest unike trappestiar (Visit Norway artikkel)
Vandretur – «I Rui-jentenes fotspor» med overnatting på Dalen Hotel!
Frå kr 2725,- per person/natt i dobbeltrom
Inkludert i pakka er overnatting på Dalen Hotel, inngangsbillett på Vest-Telemark Museum og 3 rettars middag, frukost og afternoon tea (kl 13.00-15.30).
Pakka er tilgjengeleg gjennom heile hotellsesongen. Bestill vandrepakke her
Køyreskildring:
Turvegen startar på steintrapp frå Dalen sentrum, ovanfor vegen ved Dalen B&B. Parkering ved Coop eller oppe ved turistkontoret i Hotellvegen.
Du kan også parkere nede på Lastein bryggje (Dalen) og gå derifrå.
Om du kjem langs E-134 frå aust, ta av i Høydalsmo og fylg Fv.45 til Dalen. Dalen Bryggje ligg på venstre hand i det du kjem ned Eidsborgberget. Etter om lag 500m kjem du til Dalen sentrum. Frå Vrådal og Åmot langs Fv.38 til Dalen: Du kjem fyrst til innkjøringa til Dalen sentrum, så får du Dalen Bryggje på høgre hand etter om lag 500m.
God plass til parkering både ved Dalen Bryggje og i Dalen sentrum.
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…