For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Eidsborg stavkyrkje

TypeKirke

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Eidsborg stavkyrkje til i reiseruten din.

Fra NOK 50,00
Eidsborg stavkyrkje

Om

La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.

Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen var det meir enn 1500 stavkyrkjer. Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270 og er ei av landets 28 bevarte stavkyrkjer.
 

Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene me har att. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St.Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.

Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru, mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid.

I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt ved Vest-Telemark Museum.

Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gudstenester og brurevigslar i perioden mai – september, sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no  

I sommarsesongen (juni, juli og august) er det omvising til faste tider fleire gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.

Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
E-post: booking@vtm.no    Tlf: 35069090

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Årskort familie. Gjeld alle våre museum, kanalpark og 50% på arr..NOK 700,00 per år
Årskort person Gjeld alle våre museum, kanalpark og 50% på arr.NOK 400,00 per år
Born 6-15 år Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 50,00 kombinasjon billett
Familiebillett Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 250,00 1 dag
Grupper min. 10 pers. Museum og stavkyrkje. Omvisargebyr kr 500,-NOK 80,00 kombinasjon billett
Honnør/student Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 80,00 kombinasjon billett
Vaksne (frå 16 år) Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 100,00 kombinasjon billett

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2019 - 31 Des 2019)
DagTider
Vårsesong (1 Mai 2019 - 14 Jun 2019)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00
Sommarsesong (15 Jun 2019 - 15 Aug 2019)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 18:00
Omvising i kyrkja sommarsesong (15 Jun 2019 - 15 Aug 2019)
DagTider
Mandag - Søndag11:00
12:00
14:00
16:00
Haustsesong (16 Aug 2019 - 31 Aug 2019)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00
September (1 Sept 2019 - 30 Sept 2019)
DagTider
Mandag - FredagStengt
Lørdag - Søndag11:00 - 17:00

* Omvising i kyrkja utanom sommarsesong etter behov/avtale.

Også i nærheten

  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom...

    18 m Unna
  2. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)...

    105 m Unna
  3. Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    207 m Unna
  1. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    236 m Unna
  2. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    250 m Unna
  3. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    269 m Unna
  4. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    965 m Unna
  5. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling...

    2.19 km Unna
  6. Draumkvedet - utstilling med Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedutstilling på Grimdalstunet i Skafså.

    7.35 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i...

    7.48 km Unna
  8. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for....

    10.39 km Unna
  9. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i...

    14.66 km Unna
  10. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.83 km Unna
  11. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    På Norsk Skieventyr i Morgedal opna det i 2018 ei utstilling om skimakaren Asmund Kleiv.

    22.47 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    22.47 km Unna
  13. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei...

    23.90 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark Museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

Brynesteinsbrot i Eidsborg, TokkeI 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Sjå innhaldsrik brynesteinsutstilling på Vest-Telemark Museum Eidsborg og vandre opp i brota.

Museumskafé VTM Eidsborg, TokkeMed flotte, ljose lokale med utsyn mot bygdetunet og Eidsborg Stavkyrkje er kafeen ved VTM Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit eller ein kortreist middag. Ope for bestilling (grupper og selskap) heile året.

Brynesteinsvandring, TokkeSpennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinsbrotet. Få med deg brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark Museum Eidsborg fyrst.

Aktivitetsparken i Eidsborg, TokkeAktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.