Utforsk Telemark

English

Norsk

Kraft i vatn

TypeTekstside

Vest-Telemark Museum, Eidsborg, 3880, Dalen

Legg Kraft i vatn til i reiseruten din.

Saaheim kraftverk på Rjukan
  • Saaheim kraftverk på Rjukan
  • Kraftleidning frå Tokke kraftverk (til Skien), historisk foto 1961
  • Historisk kraftverk Sauda III

Om

Oppdemming av innsjøar, vasskraftutbygging og transport av straum er blitt ein del av Noregs industrihistorie. Det er gjort store inngrep som har endra landskapet mange plassar. Fossar er lagt i rør, dalar overfløymt.

Store kraftverksbygg er reist, mange i storslegen arkitektur slik at dei står fram som vasskraftens katedralar. Kraftgater er slege gjennom skogen, digre «englemaster» sett opp. Kraftutbygginga i Noreg er ei suksesshistorie som pregar mange kommunar rundt om, og er i ferd med å bli historisk.

Kuråsfossen kraftverk på Røros, bygd i 1896, blei i 2010 del av UNESCOs verdsarv. Utbygginga av den verdskjende Rjukan-fossen i 1905 er også i ferd med å bli verdsarv, saman med bl.a. Tinfos på Notodden.

I ei stor plakatutstilling i Eidsborg frå mars til mai 2015 viste Vest-Telemark Museum kraftutbygginga sine talrike kulturminne rundt om i landet. Gjennom fleire prosjekt på 2000-talet er desse kulturminna blitt registrert, fotografert og samla i bokform.

Utstillinga er basert på dette arbeidet. Ho er laga av Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) i samarbeid med Norges Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) og Norsk Skogmuseum.

Sundag 3. mai kl 16 var det ei tilstelling ved museet der Per Einar Faugli frå Nve fortalde om kraftrelaterte kulturminne i Vest-Telemark.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

0047 35 06 90 90

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    64 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    116 m Unna
  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    193 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    236 m Unna
  4. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    918 m Unna
  5. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.55 km Unna
  6. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  7. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.62 km Unna
  8. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.94 km Unna
  9. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  10. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    22.59 km Unna
  11. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  12. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
  13. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.57 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av