Utforsk Telemark

EN

NO

Selskap og catering

TypeSelskapslokaler

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Selskap og catering til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Selskap og catering, Fellandsalen på Vest-Telemark museum.
  • Flott koldtbord på Innsvingen Kafé
  • Fest Vest-Telemark Museum
  • Koldtbord Norsk Skieventyr
  • Museumskafeen i Eidsborg
  • Bryllaup Eidsborg Stavkyrkje
  • Bryllaup på Vest-Telemark Museum
  • Bryllaup Eidsborg Stavkyrkje
  • Smiing i hymens lenker
  • Product Image
  • Eidsborg Stavkyrkje
  • Hest og vogn på museet i Eidsborg

Om

Museumskafeen i Eidsborg har ope kvar dag frå 1. mai til midten av september. Me tar imot bestillingar for grupper, selskap, bryllaup, osb. heile året.

Me kan tilby catering, og har fleire alternativ til ulike prisar for store og små selskap. Både i Eidsborg og i Morgedal har me eigna lokale for kurs, konferansar, møter og selskap. 

I moderne, ljose lokale med utsikt mot Eidsborg stavkyrkje og bygdetun med bygningar tilbake til 1100-talet, er museumskafeen ei fantastisk ramme for selskap. Maten blir produsera på eige kjøkken, og bruk av lokale råvarer er viktig. På vår meny finn du både tradisjonsmat og nye spennande rettar. 

I kafeen har me småbord eller langbord alt etter kor mange som ynskjer å sitte saman. Me har god kapasitet, og kan ta imot grupper på opptil 100 personar. Me har gode lokale for møter, kurs, konferanser og selskap. Ta kontakt med oss for tilbod.

Les meir om kaféen i Eidsborg.

Planlegg du bryllaup? 
Den vesle intime stavkyrkja i Eidsborg har husa mange bryllaup. Det vert noko eige med å trø inn i eit bygg med historie 800 år attende i tid. Eidsborg Stavkyrkje ligg ved Vest-Telemark Museum Eidsborg. Museets friluftsanlegg har meir enn 30 gamle bygg. Mange av dei attende til 1100-talet og alle har ei spanande historie å fortelje. Nokre av bygga er mogleg å bruke. Sjarmerande og unike rammer for fotografering er her mange av. Flott uteområde med bl.a. smie, husmannsplass og gapahuk, ein arena for mange ulike aktivitetar.

Museumsbygget rommar flotte utstillingar og ein stor kafé med utsyn til stavkyrkje og bygdetun. Tett ved museet ligg kanalparken med aktivitetar for store og små.

Vest-Telemark Museum har utleige av brurebunad.

5 km frå Eidsborg ligg Dalen og Dalen Hotel - eventyrhotellet. 

28 km frå Eidsborg ligg Morgedal med museet Norsk Skieventyr og Morgedal Hotel

Kafeen på Norsk Skieventyr i Morgedal

Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon. Både Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestadar for dei som var køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt for kafétilbodet i Morgedal.

Frå medio februar 2022 er kafeen utleigd til Rubén Mardones Urruela, kjend som mannen bak Pandora spansk surdeigsbakeri. Hjå han kan kundane m.a. bestille pizza til å ta med heim.

For meir info om mat og meny, ta kontakt med Rubén Mardones Urruela på tlf. 455 65 470, eller e-post: spanskmatmarked@gmail.com.

Me kan her ta imot grupper inntil ca. 70 personar, og har eige møterom for opptil 15 personar.

Du kan ringe direkte til museet på tlf. 35069080, og skrive e-post til post@vtm.no

Meir om kaféen i Morgedal.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    119 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    207 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    909 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling ved Dalen Fotoklubb

    2.36 km Unna
  5. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.53 km Unna
  6. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  8. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  9. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  10. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er et nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    20.23 km Unna
  11. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  12. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.93 km Unna
  13. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

Eidsborg stave church, Vest-Telemark Museum.Eidsborg stavkyrkje, TokkeSjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg. Omvising i høgsesong kl. 11:00, 13:00 og 15:00. Utanom høgsesong er det omvising etter behov.

Museumskafé Morgedal, KviteseidKafeen på Norsk Skieventyr tilbyr god mat til hyggelege prisar.

little boy locks a boat on the miniature version of the telemark canal in the canal park at Vest-Telemark Museum in Eidsborg Aktivitetsparken i Eidsborg, TokkeAktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.

Norsk Skieventyr i Morgedal, KviteseidSkimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive utstillingar og fartsfylte filmar. I tillegg er der ein fantastisk vasspark for store og små.

Ikke gå glipp av