For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Bruene i Kviteseid - ei historie over 175 år

TypeTekstside

Kviteseid bygdetun, 3850, Kviteseid

Legg Bruene i Kviteseid - ei historie over 175 år til i reiseruten din.

Bruene i Kviteseid - ei historie over 175 år

Om

Dette var ei historisk fotoutstilling som blei vist ved Kviteseid bygdetun i 2015.

Kviteseid er velsigna med to store vassdrag gjennom kommunen. Desse har vore viktige ferdselsvegar både sommar og vinter i hundrevis av år bakover i tida. Med ein god pråm og vande rorskarar var ikkje vegen så lang langs vassdraget. Og om vinteren med ein god is og ein god hest gjorde ein unna mange mil på isen på kort tid.

Annleis var det viss vêret var i mot med regn og vind, eller fjorden låg som ei snøsørpe. Og så hadde ein sjølvsagt problemet når ein berre skulle krysse vassdraget. Trafikken på land auka meir og meir på, og dermed blei vassdraget like mykje eit hinder ein måtte koma seg over som ein viktig ferdselsveg ein kunne fara langs. Då måtte det ferjing til, men det var eit heft på vegen vidare.

Å byggje bru var løysinga mange så for seg tidleg på 1800-talet. Men det var ein lang veg til bruene kom på plass.

Utstillinga viste historia til bruene over "Sunde-sundet" og Spjotsoddsundet me gamle originalfotografi. Den fyrste brua kom i 1840, 175 år sidan i år. Så har det vore ulike brutyper gjennom tidene, inkludert flytebru og svingbru, fram til dei me kan sjå i dag.

Utstillinga var laga av Kviteseid Historielag i samarbeid med Vest-Telemark Museum.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

0047 35 06 90 90

Også i nærheten

  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av...

    32 m Unna
  2. Kviteseid gamle kyrkje

    Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a....

    226 m Unna
  3. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    14.78 km Unna
  1. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    På Norsk Skieventyr i Morgedal opna det i 2018 ei utstilling om skimakaren Asmund Kleiv.

    14.78 km Unna
  2. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    16.95 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for....

    27.64 km Unna
  4. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    29.83 km Unna
  5. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i...

    30.27 km Unna
  6. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    30.60 km Unna
  7. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom...

    30.74 km Unna
  8. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    30.73 km Unna
  9. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er...

    30.80 km Unna
  10. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)...

    30.83 km Unna
  11. Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    30.91 km Unna
  12. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    30.93 km Unna
  13. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    30.94 km Unna
Previous Next