Velkomen til opning av sommarutstillinga på Skinnarlandsamlinga 21. juni kl. 18.00.
Vi har i år to separatutstillingar. I det eine rommet stiller Ståle Gerhardsen ut måleri, grafikk og nokre skulpturar. Arbeida hans er gjerne fylt av fargar, humor og leik. Ståle er frå Trondheim. I løpet av kort tid har han etablert seg som ein svært aktiv kunstnar med utstillingar i inn- og utland.
Nina Due er frå Oslo. Ho er ein godt etablert bilethoggar og grafikar og har delteke på mange utstillingar. Ho har også tidlegare stilt ut i Rauland. I år stiller ho ut grafikk og skulptur. Vi er glade over å kunne presentere nokre av dei nyaste papirskulpturane hennar. Nina vil vere til stades på opninga.
Magnus Wiik står for den musikalske underhaldninga. Magnus er ein allsidig musikar, komponist og multiinstrumentalist. Eit omfattande musikalsk samarbeide gjer at han kan variere mellom ulike sjangrar. Han er også tilsett ved USN, Rauland, der han underviser i blues og folkemusikk
Det vert enkel servering under opninga.
Utstillinga er elles tilgjengeleg i museets opningstider, tirsdag til sundag kl. 11:00 - 17:00, i perioden 25.juni til 15.august.
Velkomen (21 Jun 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Lørdag | 18:00 | - 19:30 |