For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Skidag i Morgedal

TypeAktivitetspakke

Vårstaulv 2, 3848, Morgedal

Legg Skidag i Morgedal til i reiseruten din.

Glade jenter på ski i kuleløypa

Om

I mange år har Norsk Skieventyr og Morgedal IL hatt ein skidag for skulane i Telemark og Vestfold. Tradisjonen går tilbake til OL på Lillehammer i 1994. Fyrst var det skulane i nærområdet, men no får alle skulane i Telemark og Vestfold invitasjon.

I løpet av dei to fyrste vekene i mars besøker ca. 6–700 elevar og lærarar skileikområdet vårt, og har skiaktivitetar blanda med skihistorie. Skileikområdet ligg i nærleiken til Øverbø, staden der Sondre Norheim, far til den moderne skisporten, vart fødd. Ein tur opp til Øverbø for å høyre historia og teste løypene til Sondre er ein naturleg del av dagen.

I tillegg til skileiken og skihistoria har me eit tema som ungane kan teste ut. Dette endrar seg frå år til år, men andre aktivitetar på ein skidag i Morgedal kan vera:

• Teste telemarkski på staden der telemarkski kjem frå.
• Lage skivoks og teste skivoksen etterpå.
• Besøk på Norsk Skieventyr.

Sjå film frå skidagen i Morgedal.

Ta kontakt med oss på tlf 35069080 for meir info.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069080

Nyttige lenker

Invitasjon Skidag i Morgedal
524 Kb

Invitasjon Skidag i Morgedal

Også i nærheten

  1. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    På Norsk Skieventyr i Morgedal opna det i 2018 ei utstilling om skimakaren Asmund Kleiv.

    1 m Unna
  2. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.39 km Unna
  3. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av...

    14.80 km Unna
  1. Kviteseid gamle kyrkje

    Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a....

    14.89 km Unna
  2. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i...

    16.55 km Unna
  3. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    21.93 km Unna
  4. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom...

    22.47 km Unna
  5. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    22.47 km Unna
  6. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)...

    22.56 km Unna
  7. Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    22.59 km Unna
  8. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    22.60 km Unna
  9. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    22.60 km Unna
  10. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    22.62 km Unna
  11. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    22.72 km Unna
  12. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for....

    24.78 km Unna
  13. Draumkvedet - utstilling med Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedutstilling på Grimdalstunet i Skafså.

    27.47 km Unna
Previous Next