Utforsk Telemark

English

Norsk

  1. Bunad, Vest-Telemark museum.
    Forsidebanner

Smakebitar

  1. Utstillingar
    Finn ut meir om årets utstillingar!
  2. Opningstider og prisar
    Sjekk ut opningstider og prisar for alle våre museum.
  3. Levande museum
    Ein lærer best ved å gjere noko, seiast det. Gjennom sommarsesongen er det mange aktivitetar ved våre museum i Vest-Telemark. Du kan oppleve tradisjonshandverk, jordbruk som i gamle dagar, historiespel eller berre leike deg inn i historia!
  4. Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg? Loftet på Uppistog Vindlaus, ein del av Vest-Telemark Museum i Eidsborg, er ikkje som alle andre loft. Det har nemleg ei heilt spesiell historie. Ei lang historie.
  5. Brynestein
    Brynestein er Noregs første eksportartikkel. Gjennom meir enn 1200 har Eidsborgbryne blitt produsert, transportert og seld i Telemark.
  6. Ei reise gjennom Telemarks kulturskattar
    Oppdag kulturskattane til Telemark! Bli med på ei reise tilbake i tid med ein av dei sjarmerande veteranbåtane på Telemarkskanalen, frå Skien til eventyrlege Dalen.

Velkommen til Vest-Telemark Museum

Arven vår

  1. Skihistorie
    Bygda Morgedal spelar ei spesiell rolle i skihistoria. «Skisportens far» Sondre Norheim, «the crazy Norwegians» brørne Hemmestveit og polfararen Olav Bjaaland er alle frå Morgedal.
  2. Byggjeskikk og folkekunst
    Ingen annan stad kan du finne så mange mellomalderhus i tre som i Vest-Telemark.
  3. Geologi og gruvehistorie
    Vest-Telemark har ein særmerkt geologi. Det har vore gruvedrift sidan 1500-talet, og brynestein har blitt eksportert til Europa alt før vikingtida.
  4. Folkemusikk
    Dans og song har alltid vore ein del av Telemarkskulturen. «Draumkvedet» og kjende felespelarar som Myllarguten har bore folkemusikken til hovudstaden og til utlandet.
  5. Skulptur og biletkunst
    Øvre Telemark har inspirert mange store kunstnarar. Ingen annan region i Noreg har fostra så mange bilethoggarar som Vest-Telemark.
  6. Industrihistorie
    I Vest-Telemark har jarnvinne, brynesteinseksport, tømmersal, gruvedrift og kraftutbygging vore føresetnad for all folkekultur.
  7. Kyrkjer
    Det er ikkje mange mellomalderkyrkjer att i Vest-Telemark. To av dei kan du oppleve gjennom Vest-Telemark Museum.
  8. Soger
    Forteljingar, eventyr og skrøner er munnlege tradisjonar med lang fartstid i Vest-Telemark. Her kan du lese nokre slike - saman med historiske artiklar.

Kva skjer

Lær å knyte tafs, handverk og husflid i Eidsborg.

Lær å knyte tafs

LocationHøydalsmo

Åpningstider

Handverksaktivitetar i Eidsborg

11. August 2022

Dyktige Erna Gjersund frå Tokke husflidslag kjem til husmannsplassen på museet i Eidsborg i dag. Ho skal knyte tafs, det vil seie å lage knutar på sjal. Velkomen innom for å lære meir om denne…

Lin, innhausting av lin, Vest-Telemark museum Eidsborg, museumsbonden.

Lindag og åkerarbeid

LocationHøydalsmo

Åpningstider

Lindag i Eidsborg

13. August 2022-14. August 2022

Museumsbonden Daniel Høstberger er tilbake i Eidsborg. Han arbeider på åkrane laurdag og vil ha temadag med demonstrasjon for publikum på sundag. Daniel fortel gjerne om landbruk i gamal tid…

Dina Harkmark Lie, skomakar. Husflid og handverk Vest-Telemark museum i Eidsborg.

Møt skomakaren i husmannsstoga

LocationHøydalsmo

Åpningstider

Handverksaktivitetar i Eidsborg

14. August 2022

Dina Harkmark Lie er utdanna skomakar, og ho lagar sko for hand. Er du nysgjerrig på skomaking og vendsaum, ein gamal teknikk innan faget, kom gjerne innom og høyr Dina fortelje! Ho står til dagleg…

Musea våre

Kviteseid bygdetun, Vest-Telemark museum.

Kviteseid bygdetun

Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbur i heile Telemark! Her er…

Vinje biletgalleri i Smørklepp, Harald Kihle, Henrik Sørensen, Vest-Telemark museum.

Vinje biletgalleri

Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og…

Dyre Vaa-samlingane, Rauland, Vest-Telemark museum.

Dyre Vaa-samlingane i Rauland

Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.

  1. Museum og kyrkjer
  2. Eidsborg
  3. Morgedal
Vis kart
Lik Vest Telemark Museum på Facebook

Ikke gå glipp av